Arne Sortevik (FrP): Ved behandling av St.prp. nr. 61 (2001-2002) Om Luftfartsverkets tilbud av tjenester i det regionale flyplassnett ønsket et flertall bestående av partiene Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet en grundig vurdering av hele luftfartsområdet i Norge og en vurdering av den enkelte flyplass. De samme partiene etterlyste dette ved behandling av Nasjonal transportplan 2006-2015. Også innføring av forskrift om sikkerhetssoner ved norske flyplasser gjør det nødvendig å se på flyplasstrukturen i Norge.
Vil Stortinget snart få en sak som følger opp dette vedtaket?
Begrunnelse
Jeg viser til følgende flertallsmerknad fra Innst. S. nr. 240 (2003-2004), jf. St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015:
"Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til følgjande merknader og forslag til vedtak frå eit fleirtal i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterparti, i Innst. S. nr. 269 (2001-2002), vedkomande spørsmål om nedlegging av anbodsrutene på tre regionale lufthamner:
Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at framlegget om at anbodsrutene på Fagernes, Narvik og Vardø flyplass skal opphøyra frå 1. april 2003, ikkje på nokon måte er tilfredsstillande utgreidd. I tillegg er saka lagt fram for Stortinget så seint i sesjonen at det er umogleg å handsama ho på ein forsvarleg måte. Fleirtalet vil på denne bakgrunn fremja fylgjande forslag til vedtak:
1. Stortinget går imot at lufthamnene Fagernes, Narvik og Vardø ikkje skal omfattast av systemet med anbodsruter frå 1. april 2003.
2. Stortinget ber om at det i rulleringa av Nasjonal transportplan vert innarbeidd fylgjande:
a) ein grundig informasjon og ei vurdering av situasjonen på heile luftfartsområdet i Noreg,
b) ei vurdering av den einskilde flyplass ut frå totale samfunnsmessige omsyn.
c) ei særskilt vurdering av luftfarten si rolle i distrikta.
3. Dersom Regjeringa vel å koma tilbake til Stortinget med forslag til strukturelle endringar i flyplasstrukturen, er det ein føresetnad at
a) avbøtande tiltak er på plass før eventuell nedlegging av ein flyplass dersom ikkje noko anna er akseptert i kommunar/område som er omfatta av slik nedlegging,
b) det vert lagt opp til ein tett dialog med involverte partar for å sikra løysingar alle kan leva med.
Fleirtalet viser til at Stortinget fatta vedtak i samsvar med forslaget.
Fleirtalet kan ikkje på nokon måte sjå at dette er fylgt opp då det
- ikkje er gjort nye samfunnsøkonomiske vurderingar,
- dialogen med partar som er omfatta av nedlegginga har avgrensa seg til eitt orienteringsmøte med partane rett før planen vart lagt fram,
- dei avbøtande tiltaka vert å utføra etter nedlegginga og
- dei avsette rammene til løyvingar til avbøtande tiltak er ikkje på nokon måte aksepterte.
Fleirtalet står fast ved Stortinget sitt vedtak i samband med behandlinga av Innst. S. nr. 269 (2001-2002).
Komiteen har merka seg orienteringa om andre mogelege endringar i den regionale flyplasstrukturen. Komiteen vil vurdera dette når ny sak vert lagt fram. Komiteen ser det som svært viktig å ha eit godt utbygd flyplassnett over heile landet, [...]"
På bakgrunn av stortingsvedtak gjentatt gjennom merknad ved behandling av Nasjonal transportplan 2006-2015, og på bakgrunn av de store kostnadene som synes å være forbundet av tiltak knyttet til gjennomføring av Luftfartstilsynets forskrift BSL E 3-2 om sikkerhetssoner ved flyplasser mener jeg det er viktig at Stortinget snarlig får til vurdering sak om fremtidig flyplasstruktur i Norge.
I St.meld. nr. 36 (2003-2004) Om virksomheten til Avinor AS ble det også varslet en vurdering av fremtidig regional lufthavnsstruktur i løpet av 2005.
Jeg håper derfor oppfølgning kan skje så raskt som mulig i denne saken.