Åge Starheim (FrP): Ein mann frå Bryggja har sendt Politidirektoratet søknad om dispensasjon frå alderskravet om køyreseddel. Direktoratet har avslått søknaden og dei har m.a. i sitt svarbrev til søkjaren bemerka at dei har vurdert søkjaren sine hensikter med dispensasjonssøknaden til å vere økonomiske forhold og at søkjaren har eit ynskje om å fortsatt kunne vere yrkesaktiv.
Ut frå at myndigheitene oppfordra folk på det sterkaste å vere lenger arbeidsaktive, er då justisministeren samd i Politidirektoratet sin grunngjeving for avslaget?
Begrunnelse
Vedkommande har påklaga/søkt Politidirektoratet om dispensasjon etter å ha fått avslag på klage til Sogn og Fjordane politidistrikt vedrørande Lov om yrkestransport med motorvogn (alderskrav 70 år).
I brevet/avslaget frå Politidirektoratet, datert 7. mars 2006, står det m.a. fylgjande: "Det synes som om bakgrunnen for dispensasjonssøknaden er økonomiske forhold og et ønske om fortsatt å kunne være yrkesaktiv."
Dette opprører vedkommande.
Ut frå at myndigheitene i dagens situasjon oppfordrar alle til å stå lengst mogeleg i sitt arbeidsforhold, reagerer han sterkt på deler av innhaldet i direktoratet sitt svarbrev/avslag.
Han har i sin dispensasjonssøknad vist til at ein person i Froland har fått dispensasjon frå aldersgrensa, og han har anført likheitssyn med hans dispensasjonssøknad.
Politidirektoratet avviser at det er likheitssyn mellom desse sakene.
Han viser til at dersom han må avvikle drosjekøyringa si, vil dette medføre at brukarane frå Bryggja-området må henvende seg til drosjer med ein avstand som vil fordoble drosjereikningane deira, samtidig som dei vil måtte vente mykje lenger før drosja har mogelegheit til å kome heim til dei.