Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:707 (2005-2006)
Innlevert: 31.03.2006
Sendt: 03.04.2006
Rette vedkommende: Fiskeri- og kystministeren
Besvart: 20.04.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): I brev datert 6. februar og 9. mars i år til Mattilsynet har Norges LastebileierForbund teke opp spørsmålet om utanlandske vogntog som det blir hevda fraktar fisk på ueigna og ulovleg måte. Dei har ikkje fått svar. Dersom påstandane er rette, kan dette gå ut over kvaliteten på norske fiskeprodukt.
Vil statsråden bidra til å få klarlagt realitetane i saka og stoppa eventuell ulovleg transport?

Begrunnelse

Etter telefonisk kontakt mellom Norges Lastebileier-Forbund (NLF) og Mattilsynet sende NLF 6. februar i år følgjande brev til Mattilsynet:

"I bladet Vegen og vi nr. 2/2006 kan vi lese om problemer som utenlandske vogntog skaper på norske veger. I en artikkel på side 3 vises det bl.a. til et utenlandsk vogntog som kjørte av vegen fullastet med fersk laks. Det går videre fram av artikkelen at dette var en såkalt kapellbil, altså en bil der lasteplanet bare er dekket med presenning. Laksen synes å være pakket i isoporkasser.
Dette eksemplet er bare ett av mange. Vi får jevnlig klager fra medlemmer om at utenlandske transportører brukes til fisketransport, også med biler som påstås å være både uegnede og ulovlige til den type transport det snakkes om. Den pris som disse utenlandske transportører kan tilby, er langt lavere enn det norske klarer, ikke minst fordi de bruker biler av en vesentlig dårligere kvalitet, noe nevnte artikkel bekrefter.
NLF finner det utilfredsstillende at norske myndigheter ikke synes å være opptatt av om bilene er egnet til å frakte matvarer. Dersom det er tillatt å frakte fersk fisk uten bruk av termobil, som jo er et vesentlig dyrere kjøretøy enn en kapellbil, ønsker NLF å få dette bekreftet av Mattilsynet slik at også norske transportører kan konkurrere på like vilkår.
Dersom denne type bil ikke er godkjent for transport av mat, ber NLF om en redegjørelse for hvilke tiltak Mattilsynet vil sette i verk for å få stoppet denne type transport."

Det vart purra på saka i nytt brev 9. mars 2006. NLF har enno ikkje fått svar. Saka har to svært interessante sider. Den eine er om konkurransen mellom ulike transportørar skjer på like vilkår. Den andre, som gjeld spesielt Mattilsynet, er om ulovleg transport kan medføre at norske fiskeprodukt får redusert kvalitet og dermed redusert omdømme. Dersom dette er tilfelle, vil det kunne vere svært alvorleg.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Det er eit overordna prinsipp i Noreg at all mat skal vere trygg og av god kvalitet. Hygieneregelverket på matområdet inneheld difor felles retningslinjer, framgangsmåtar og krav for heile matproduksjonkjeda, og gjeld frå primærproduksjon og industriell tilverking til lagring, transport og omsetnad. Transport av matvarer er såleis omfatta av dei same vilkåra til hygiene, temperatur og mattryggleik som all anna næringsmiddelverksemd langs verdikjeda frå "fjord til bord", og må følgje dei gjeldande føresegnene om næringsmiddelhygiene heimla i matlova. Vilkåra inneber mellom anna at transportøren har eit formelt og juridisk ansvar for å følgje gjeldande krav til temperatur og hygiene under transporten og skal kunne dokumentere dette.
Utanlandske transportørar som fraktar mat inn og ut av Noreg, må følgje norske krav med omsyn til transport. Dessutan har Noreg i røynda dei same reglane for transport av mat som andre land i Europa gjennom at reglane gjennomgåande har sitt utspring i EU sine reglar (EØS-avtalen).
Kjøretøy og materiell som nyttast til internasjonal transport av mat og som krev kjøling eller frysing, skal òg godkjennast i samsvar med føresegnene 27. juni 1980 nr. 9645 "Om internasjonal transport av lett bedervelige næringsmidler" (ATP-føresegnene). Føresegnene er fastsett etter ein FN-traktat frå 1.9.1970, som Noreg har slutta seg til saman med rundt 40 land i Europa. Mellom desse er fleire av dei mellom- og aust- europeiske landa der mange av transportørane til Noreg kjem frå.
Desse føresegnene gjeld i hovudsak fysiske krav til isolasjon og kjøleteknisk utrusting av materiell, og dei skal sikre at varene som blir transportert kjem fram til mottakar i same tilstand som då dei blei lasta. Transportutstyret skal vere isolerte og fysisk tette påbygg eller containere som etter inspeksjon og godkjenning blir tydeleg merka med isolasjonsklasse og dato for når godkjenning må fornyast. Presenningar og andre provisoriske løysingar er ikkje akseptable for slik transport.
Mattilsynet er tillagt oppgåva med å godkjenne slikt materiell i Noreg, medan Tollstyresmaktene ved landegrensene er tillagt ansvaret å sjå til at slik godkjenning føreligg. Manglande godkjenning inneber at transportøren ikkje får laste eller losse varene med mindre Mattilsynet har gitt sitt samtykke i det einskilde tilfellet.
Dette er hovudregelen til lova for transport av matvarer.
Transportnæringa rettar søkjelyset på eit sentralt og viktig punkt innan omsetnad av mat, og initiativet er både nyttig og konstruktivt. At det innan transportområdet finnast aktørar som set regelverket til sides, med fullt medvit eller ikkje, for om mogleg å oppnå økonomisk gevinst og kortsiktige føremon, er sørgjeleg. Den einskilde aktør i næringa har ansvar for å følgje regelverket og syte om kvaliteten ved fisken. Det er naudsynt at aktørane både på industrisida og innan transporten tek ansvar. Både seljar og mottakar må etterprøve transportføresetnadane som eit ledd i eigen internkontroll.
Frå styresmaktene si side vil Mattilsynet følgje opp overfor eigne distriktskontor og aktørar i næringa og minne om og sjå til at regelverket for transport blir etterlevd. Mattilsynet vil i den samanheng òg vurdere trongen for å be Tollstyresmaktene påtale irregulær transport av matvarer ved grensepassering, særskilt i dei høve der gyldig godkjenning av materiell ikkje ligg føre.