Gunvald Ludvigsen (V): Vil statsråden sjå på moglegheitene for å starte eit pilotprosjekt der eldre over 70 år får tilbod om legebesøk i sin eigen heim?
Begrunnelse
Tryggleik, verdigheit og nærleik til tenestene er avgjerande for Venstre sin helsepolitikk. Venstre vil innføre ein omsorgsgaranti for å kvalitetssikre eldreomsorgen og sikre den enkelte sine rettar. Alle som trenger hjelp i kvardagen, må få nødvendig bistand når dei trenger det. Alle eldre skal føle seg trygge på at den enkelte sine behov blir sett og forstått. På bakgrunn av dette vil Venstre gjere framlegg om eit pilotprosjekt der eldre over 70 år skal få tilbod om legebesøk i sin eigen heim. Venstre meiner eit slikt prosjekt skal gjennomførast i 10 ulike by- og landkommunar rundt om i landet. Dei erfaringane ein haustar frå dette prosjektet kan vere med på å bygge eldreomsorga for framtida.