Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:865 (2005-2006)
Innlevert: 10.05.2006
Sendt: 11.05.2006
Besvart: 16.05.2006 av landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): 13 bønder i Bondalen i Ørsta kommune ønsker å gå saman i to samdrifter for å betre økonomien og få meir ordna fritid. Statens landbruksforvalting har avslått søknaden, og grunngjev dette med at det kan vere maksimalt 5 deltakarar i ei samdrift. Alternativet for fleire av bøndene kan vere å leggje ned drifta.
Vil statsråden bidra til å få endra regelverket, slik at fleire enn 5 kan gå saman i samdrift?

Begrunnelse

13 bønder i Bondalen i Ørsta har fått avslag på å opprette to samdrifter som vil produsere nærare éin million liter mjølk årleg. 6 av bøndene kjem difor truleg til å leggje ned drifta, seier dei til Sunnmørsposten.
- For å kunne redde landbruket og busetjinga i Bondalen har vi jobba hardt for å få samdriftene på plass. Avslaget frå Statens landbruksforvalting kjennest difor som eit slag i andletet. Vi føler oss direkte motarbeidde og er fortvilte. Det vil ikkje bli vidare drift på denne garden utan at vi får gå inn i ei samdrift. Eg kjem truleg til å leggje ned til neste år. Ein kan ikkje forvente at generasjonen etter oss skal jobbe livet av seg og gje avkall på all fritid, seier ein av dei ramma til avisa.
To andre, som representerer Sæbø storfe, karakteriserer avslaget som horribelt. - Vi har eit sterkt ønskje om å satse vidare som bønder og ser på samdrift som den einaste løysinga. Så skal vi bli nekta dette fordi styresmaktene har sett eit tak på maksimum fem bønder i kvar samdrift. Det heile er horribelt. Reknestykket viser at vi må opp i minst 500 000 liter i året for å få økonomi i samdrifta.
- Vi håper og trur at ein vil kome fram til ei løysing som gjer at det blir mogleg for bønder med små mjølkekvotar å gå saman i større samdrifter. Det er einaste måten å redde distriktslandbruket på. Dagens politikk er både distriktsfiendtleg og familiefiendtleg, seier dei til Sunnmørsposten. Ein av søkjarane seier rett fram at det er fare for at seks bønder i Bondalen kjem til å leggje ned drifta dersom dei får endeleg avslag på samdriftssøknadene. På fleire av gardane står ein føre eit generasjonsskifte der den yngre garde har sagt klart ifrå at dei ikkje vil drive vidare på eiga hand, seier han.
Når eg reiser dette spørsmålet, er det fordi regelverket verkar heilt urimeleg. Fem store gardsbruk kan sjølvsagt kome opp i ei stor nok mjølkemengd, men fem små eller mellomstore har ingen sjanse. Dette må statsråden rydde opp i.

Terje Riis-Johansen (Sp)

Svar

Terje Riis-Johansen: Spørsmålet vedrørende antall medlemmer som tillates i samdrift i melkeproduksjon er et tema som inngår i jordbruksforhandlingene som nå pågår mellom staten og jordbruksorganisasjonene.

Jeg ønsker på bakgrunn av dette ikke å uttale meg om denne saken på det nåværende tidspunkt.