Åge Starheim (FrP): Konservesfabrikkane i Noreg garanterar å ta ut all norsk produksjon av bringebær, jordbær og solbær. Imidlertid er bransjen sitt behov for bær langt større enn norsk produksjon. Likevel pålegg staten avgift/toll på import av bær, noko som svekkar bransjen sin konkurranseevne og resulterar i unødvendig høge prisar på ferdig produkt.
Vil statsråden medverke til at denne import-/tollavgifta vert fjerna, noko som også bærdyrkarane og deira organisasjonar støttar?
Begrunnelse
I Sogndal er det ein konservesfabrikk som sannsynlegvis er landets største forbrukar av bær. Konservesfabrikkane i Noreg garanterar å kjøpe all norsk produksjon av bringebær, jordbær og solbær til ein på førehand avtalt pris. Dette er ei ordning som er eineståande i heile verda. Dei norske bærprodusentane veit på førehand kva dei vil få for bæra sine, samstundes som dei er garantert å få selt varene sine. Imidlertid er konservesfabrikkane sitt behov for bær langt større enn det norske bærprodusentar kan skaffe. Likevel er det import-/tollavgift på import av utanlandske bær.
Statens landbruksforvaltning tildelar importlisensar etter totalbehovet kvar norsk fabrikk har, men dei har innført kvotar som vert mindre og mindre for kvar år som går. Frå konservesverksemda i Sogndal får ein informasjon om at både bærdyrkarane, landbruksetaten hos fylkesmannen og andre kjøps- og omsetningsverksender støttar kravet om tollfri import av bær som trengst etter at all norsk vare er kjøpt.