Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:981 (2005-2006) Innlevert: 02.06.2006 Sendt: 06.06.2006 Besvart: 15.06.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete
Petter Løvik (H): Ferjestrekninga Volda-Lauvstad skal nå ut på anbod, og lokalt vonar og reknar ein med at Statens vegvesen utformar krava slik at ein også på denne strekninga vil få eit betre og framtidsretta tilbod. Frå ulike hald lokalt blir det reist tvil om dei krava som Vegvesenet har stilt til materiell og tilbodet elles er gode nok. Kva er dei viktigaste krava til det framtidige tilbodet på denne strekninga, og kan statsråden forsikre at tilbodet blir betre enn det er i dag?
Liv Signe Navarsete: I høve til Statens vegvesen sine føringar, skal kravet til ferjetilbodet ved konkurranseutsetting tilpassast den nasjonale standarden, som vart lagt fram av Bondevik II-regjeringa, og som Stortinget slutta seg til ved handsaminga av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 (NTP). I dei tilfella dagens tilbod ligg over denne standarden, er hovudregelen at dagens standard skal leggjast til grunn. Sambandet Volda-Lauvstad i Møre og Romsdal har eit tilbod i dag, som ligg over dei langsiktige målsetjingane for denne type samband i NTP. Dagens standard er såleis lagt til grunn i den gjennomførte anbodsutlysinga av sambandet Volda-Lauvstad. Tilbodet no er 16 avgangar frå kvar ferjekai pr. døgn mens NTP-kravet er 12 avgangar. Opningstida er 17 timar, mens NTP-kravet er 13 timar. Attståande bilar er mindre enn NTP-kravet på maksimum 3 pst. Det har såleis ikkje vore grunn for å krevja materiell med større kapasitet enn i dag i samband med anbodsutlysinga.Kontraktsperioden for dette anbodet er seks år, og oppdragsgjevar er sikra fleksibilitet ved at det kan kjøpast ekstra avgangar og/eller påleggjast utvida opningstid dersom behovet skulle tale for det.