Skriftlig spørsmål fra Rune J. Skjælaaen (Sp) til kunnskapsministeren

Dokument nr. 15:986 (2005-2006)
Innlevert: 06.06.2006
Sendt: 07.06.2006
Besvart: 14.06.2006 av kunnskapsminister Øystein Djupedal

Rune J. Skjælaaen (Sp)

Spørsmål

Rune J. Skjælaaen (Sp): I Fjell kommune finst det reine nynorsk- og bokmålsklassar i barneskulen, medan klassane i større grad er språkblanda på ungdomsskulen. Nynorskelevane kjem då typisk i mindretal, og ifølgje lokale medieoppslag er mange foreldre til nynorskelevar bekymra for at dette gjer det vanskelegare for barna å halde på nynorsken.
Vil statsråden ta initiativ til at skuleklassar i språklege blandingsområde i større grad vert organiserte som anten nynorsk- eller bokmålsklassar?

Begrunnelse

Utanfor Bergen dominerer nynorsk som skule- og bruksmål, medan Bergen by tradisjonelt har vore og er bokmålsdominert. I grensekommunane til Bergen, mellom anna Fjell kommune på Sotra, har det vore språkdelte skular i mange tiår. Men det manglar føresegner og reglar for organisering av mellom anna klassestruktur på språkdelte skular.
I praksis har mange kommunar valt å leggje vekt på skriftleg hovudmål ved inndeling i klassar. Eit døme er Os kommune, der bokmålselevar, som er i mindretal, får halde fram i eigne klassar på ungdomsskulen. Ved Fjell ungdomsskule er nynorskelevane derimot i mindretal, og desse vert fordelte på klassar der bokmålselevar er i fleirtal.
I det siste har det vore mange oppslag i lokalavisa "Vestnytt" der foreldre til nynorskelevar ved Fjell ungdomsskule uttrykker otte for borna sine. Ungane opplever at lærarane berre skriv bokmål på tavla, at alle prøvar, lekser, oppgåver og skriv til heimen er på bokmål.

Øystein Djupedal (SV)

Svar

Øystein Djupedal: Når det gjeld bruken av målformer i grunnskolen, er dette utførleg regulert i opplæringslova § 2-5. Det er her fastsett at kommunane gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmålet i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.

Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa.

Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. I læreplanverket er det dessutan lagt opp til tidlegare oppstarting av opplæring i begge målformer.

Regelverket er utforma ut frå ei avveging av omsynet til den målforma den enkelte eleven ønskjer, og omsynet til lokale praktiske behov og tilhøve. Dersom ein elev skulle meine at rettane hans etter regelverket ikkje blir ivaretekne, kan han klage på dette til fylkesmannen.

Som det går fram av det eg no har sagt, er rettane til elevane godt regulerte i lova. Samtidig har kommunen eit visst handlerom når det gjeld organiseringa. Dette meiner eg er viktig fordi det ikkje er mogleg å lage detaljerte føresegner som høver godt for alle variasjonar av omstende som den enkelte kommune kan møte. Eg har stor tru på lokaldemokratiet og stolar på at kvar kommune og kvar skole vil velje det som er best for elevane deira.