Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:992 (2005-2006) Innlevert: 07.06.2006 Sendt: 08.06.2006 Besvart: 14.06.2006 av nærings- og handelsminister Odd Eriksen
Petter Løvik (H): I media er det stilt spørsmål ved om habilitetsreglane i Innovasjon Norge blir følgde. Det er svært viktig å ha med aktive folk frå næringslivet i styrande organ i dette viktige selskapet. Då blir det ekstra viktig at det ikkje kan reisast tvil om habiliteten deira.Kva vil statsråden gjere for å sikre at habilitetsreglane blir følgde slik at det ikkje kan reisast tvil om uhilda sakshandsaming i Innovasjon Norge?
Odd Eriksen: Innovasjon Norge har sterkt fokus på at sakshandsaminga skal vera uhilda. Framstillinga i media syner at reglar og rutinar i Innovasjon Norge blir følgde. Det er avdekka eit tilfelle der rutinane har svikta. Eg finn likevel grunn til å sjå på om regelverket er godt nok. Det er viktig at det ikkje kan reisast tvil om sakshandsaminga i Innovasjon Norge. Eg vil difor be Innovasjon Norge vurdere om reglar og rutinar kan betrast, og særskilt vurdere om ein skal bruke settestyre i saker der styremedlemmar er uhilde.