Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1028 (2005-2006)
Innlevert: 13.06.2006
Sendt: 13.06.2006
Besvart: 20.06.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Havfiskeflåten mister stadig meir mannskap til offshorenæringa, og har dermed store vanskar med å skaffe seg mannskap med erfaring, og mannskap som vert verande om bord i lengre tid.
Vil statsråden medverke til at fiskeflåten i heile landet vert likestilt med fiskeindustrien i Nord-Noreg når det gjeld å kunne skaffe seg russisk arbeidskraft, utan at det vert sett krav til fiskerimerke?

Begrunnelse

Den norske havfiskeflåten mister stadig meir mannskap til offshorenæringa. Mellom anna skuldast dette nettolønsordninga, betre pensjonsordningar og faste arbeidstidsordningar innan offshore.
Havfiskeflåten, som er "opplæringsstad" for desse, greier ikkje å konkurrere om mannskap med offshorenæringa når rammevilkåra er så ulike som dei er no.
Havfiskeflåten kan i dag hente mannskap frå EØS/EU-området, noko som vert gjort i dag til ei viss grad. Det er mellombels eit faktum at dei fleste av desse fiskarane er meir trålmenn enn linefiskarar. Ein ser også ein tendens til at mannskap frå desse landa er mindre tilbakevendande etter turane.
Eit norsk rederi i Selje kommune har sidan 1999 arbeidd saman med fleire russiske rederi, også innanfor opplæring av russisk mannskap til linefiske. I dag er situasjonen delvis snudd på hovudet, slik at deira russiske fiskerikollegaer framstår fullt ut på høgde med deira eigne folk. I tillegg er det rederiets erfaring at russisk mannskap stiller større krav til seg sjølv om å gjere ein god jobb, enn det ein ofte ser blant øvrige mannskapar, inkl. norske. Vidare viser det seg ofte at russisk mannskap er betre oppdatert med helsesertifikat og sikkerheitsopplæring enn andre. Språkmessig viser det seg også at russiske mannskap beherskar betre engelsk enn t.d. mannskap frå Baltikum.
UDI har i dag høve til å gje arbeidsløyve også til arbeidstakarar utanfor EØS/EU-området, mellom anna for sesongarbeidarar, faglært/spesialist og fiskeindustriarbeidarar. Det er kanskje særleg den siste gruppa, fiskeriindustriarbeidarane frå Russland, som vil vere mest aktuell for havfiskeflåten.
For havfiskeflåten vil det vere avgjerande å verte likestilt med fiskeindustrien i Nord-Noreg når det gjeld mogelegheiter til å kunne skaffe seg russisk mannskap. Det er også viktig at det ikkje vert sett krav til fiskerimerke, noko som ville bety at alle fartøy vert likestilte, også fartøy frå Vestlandet. Fiskeriet måtte då kunne foregå i dei områda fartøya har lisensar/deltakarrettigheitar til å fiske. Ein slik arbeidstillatelse kunne f.eks. gjevast for inntil 2 år om gongen.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Den norske fiskeripolitikken har som ei av sine hovudmålsetjingar å sikre at dei nasjonale marine ressursane kjem kystbefolkninga i Noreg til gode, jf. deltakarloven føremålsbestemming i § 1.

Norsk lov krev at minst halvparten av mannskapet eller lottfiskarane og førar eller høvedsmann på norske fiskebåtar anten skal vere norske statsborgarar eller vere busett i Noreg, jf. § 3, 2. ledd i lov 17. juni 1966 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbudsloven). Dette inneber at inntil halvparten av mannskapet kan vere utanlandske statsborgarar eller busett i utlandet. Det er heller ikkje ein føresetnad for å være mannskap at ein er registrert i fiskarmanntalet. Ei brei høyring om nasjonalitets- og bustadskravet har nett vore gjennomført, der det vert foreslått at nasjonalitetskravet opphevast, mens bustadskravet vert spesifisert til å gjelde kystkommunar eller tilgrensande kommunar. Ei slik lovendring vil styrkje Regjeringa si målsetjing om at verdiskapinga av våre nasjonale fiskeressursar skal i størst mogleg grad kome kystsamfunn som er avhengig av fiskeria, til gode.

Alle som skal ta arbeid i Noreg må i hovudregelen ha arbeidsløyve. Det er eigne reglar for borgarar omfatta av EØS/EFTA-avtalen. Arbeidsløyve for fiskeindustriarbeidarar kan bli gitt til russiske borgarar frå Barentsregionen som skal arbeide i fiskeindustrien i Nordland, Troms og Finnmark. Også bearbeiding og konservering om bord på fabrikkskip frå dette området er omfatta av reglane. Løyve vert ikkje gitt dersom det er tilgjengeleg arbeidskraft innanlands eller arbeidskraft frå EØS- eller EFTA-området. Lengda på løyva kan ikkje overstige til saman to år. Ny løyve etter dette kan ikkje verte gitt før etter eitt års opphald utanfor Noreg.

Eg tykkjer det er viktig å ivareta tilknytinga mellom ressursane og det norske folket, særleg kystbefolkninga, og det har hittil ikkje vore vurdert om fiskeflåten i heile landet skal få same reglane som fiskeindustrien har når det gjeld russarar frå Barentsregionen.

La meg likevel understreke at eg følgjer utviklinga i konkurransen om mannskap og kompetanse mellom fiskeflåten og anna skipsfart nøye. Eg vil fokusere på rekruttering og kompetanseoppbygging av ungdom til næringa, og eg vil arbeide for ei berekraftig og lønsam fiskerinæring, som både no og i framtida skal være ein konkurransedyktig og god arbeidsplass.