Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:1080 (2005-2006)
Innlevert: 23.06.2006
Sendt: 23.06.2006
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 29.06.2006 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Mange barn med minoritetsbakgrunn snakkar betre norsk enn foreldra sine. Det gjer at dei ofte blir brukt som tolkar når foreldra skal til legen eller i møte på eit offentleg kontor. Tolking er eit yrke, og tolketenesten har mange tolkar tilgjengeleg. Vi må unngå at barn blir brukt som tolk både av omsyn til barna og foreldra.
Kva vil statsråden gjere for å unngå at barn blir brukt som tolk i offentlege samanhengar?

Begrunnelse

Aftenposten hadde nyleg eit oppslag om at pasientar med minoritetsbakgrunn bruker familie og vener som tolkar. Ei dotter svima av då ho vart beden om å fortelje mora at ho hadde éin månad igjen å leve. Barn vert tyngja med ei oppgåve dei ikkje har føresetnader for å klare eller har godt av å bli utsett for. Det er stor skilnad på å tolke i butikken og tolke ved ei legeundersøking eller eit møte på sosialkontoret.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Spørsmålet vert overført frå barne- og likestillingsministeren.
Eg svarar på spørsmålet da eg som arbeids- og inkluderingsminister har det overordna ansvaret for politikken som gjeld tolking. I saker der tolking er eit nødvendig verkemiddel for å overhalde informasjonsplikta og plikta til å rettleie og høre partane i saken (jf. forvaltningsloven §§ 11 og 17, og pasientrettighetsloven §§ 3-2 og 3-3), er rettstryggleiken avhengig av kvaliteten på tolkinga.
Å tolke er eit stort ansvar som krev at den som tolkar er moden, har brei kunnskap og dei nødvendige evnene. Tolken si evne til å holde seg upartisk i samtalen er av viktig for kvaliteten på tolkinga. Kvar situasjon må vurderast særskild. Lovavdelinga i Justis- og politidepartementet seier at ein må forstå forvaltningslova §§ 11 og 17 slik at det i mange tilfelle kan godtas at slekt og vener kan tolke. Dersom det er snakk om samansett eller sensitiv informasjon, vil det likevel ikkje vere tilfredsstillande. Særlig varsam må ein vere når det gjeld å bruke barn som tolk. Å sette barn til å tolke kan vere brot på Barnekonvensjonen artikkel 36 som seier at staten har plikt til å verne barnet mot alle former for utnytting som er skadeleg for barnet si velferd.
Det er behov for fleire kvalifiserte tolkar, og eg arbeider for å få det til. Den nasjonale fagmyndigheita for tolking i offentleg sektor (IMDi) har i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet sett i verk fleire tiltak for å auke tilgangen på kvalifiserte tolkar. Statsautorisasjonsordninga for tolkar kom i 1997, og 110 tolkar har hittil blitt autoriserte i 16 språk. Eit nettbasert studietilbod for tolkar har i perioden 2003-2006 utdanna meir enn 600 tolkar i 31 språk. Dette er over dobbelt så mange tolkar som blei utdanna i perioden 1985-2003. I 2005 blei Nasjonalt tolkeregister oppretta. Det er ein landsdekkjande oversikt over praktiserande tolkar, som er tilgjengeleg for alle via www.tolkeportalen.no. Registeret skal stimulere praktiserande tolkar til å dokumentere og heve sine kvalifikasjonar.
Ansvaret for å leggje til rette for forsvarleg kommunikasjon i den enkelte samtalen ligg hos sektormyndigheitene. Sektormyndigheitene må derfor sikre bruk av kvalifisert tolk der det er behov for det. IMDi arbeider for å auke kunnskapen blant offentlege tenestemenn og fagpersonar om deira ansvar for forsvarleg kommunikasjon i saker der det er ein språkbarriere. Blant anna er IMDi i ferd med å utarbeide ein rettleiar til tolkebrukarane i offentleg sektor.