Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1109 (2005-2006)
Innlevert: 30.06.2006
Sendt: 30.06.2006
Besvart: 04.07.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kva kan eit slikt tilrådd forbod få å seie for norsk selfangst, og kva gjer statsråden for å hindre at ein i praksis og vitskapelig god fangstmetode i høve til at dyra skal få ein så human avliving som mogleg, vert foreslege bannlyst?

Begrunnelse

Europarådet har utarbeid ein rapport og ein førebels rekommandasjon om selfangst. Det ligg an til at Europarådet kjem til å tilrå forbod mot bruk av hakapik.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Grunngjevinga for spørsmålet er at Europarådet si parlamentarikarforsamling har under arbeid ein rapport og ei førebels anbefaling der dei tilrår forbod mot bruk av hakapik.

Eg vil understreke at norsk selfangst vert utøva under god offentleg kontroll. Det er mellom anna offentleg oppnemnde inspektørar om bord på alle fartøy gjennom heile fangstsesongen for å sikre at fangstinga går rett føre seg.

Dei norske reglane for avliving av sel gjev tilvising på svært sikre avlivingsmetodar, og det vert stilt krav om at fangstmenn avlegg årlege prøver i skyting og bruk av hakapik. Vaksne dyr skal skytast, medan sel yngre enn eitt år skal skytast eller avlivast med hakapik. Dyr som er skotne, skal snarast mogleg slås med hakapik.

Desse krava til fangstarar og avlivingsmetodar sikrar at avlivinga av sel skjer utan unødig liding for dyra. Både norsk og kanadisk forsking dokumenterer dette.

Eg er kjent med at det vert arbeidd med ein rapport om selfangst i parlamentarikarforsamlinga i Europarådet, der ein av dei mellombelse tilrådingane er å forby avlivingsmetodar som ikkje gjev momentan død og forby bedøving ved bruk av mellom anna hakapik.

Eg vil vise til at norsk og kanadisk forsking har synt at bruk av hakapik gjev momentan medvitslause ved slag med hakapiken sin butte ende, og momentan død ved påfølgjande slag med hakapiken sin pigg. Komiteen for jaktmetodar i NAMMCO (The North Atlantic Marine Mammal Commission) har drøfta og evaluert avlivingsmetodar for sel, og uttalte i januar 2006, mellom anna på grunnlag av kanadisk forsking, at bruk av hakapik er like effektiv som eller meir effektiv enn bedøvingsmetodar brukte på slakteri. Komiteen uttala vidare at bruk av hakapik sannsynlegvis var ein meir effektiv og human avlivingsmetode av ung sel enn skyting. Ved skyting synte den kanadiske undersøkinga at 98 pst. av ungselane vart drepne momentant.

Reglar om kvoter, avlivingsmetodar, deltaking i fangstinga og krav til opplæring ved utøving av selfangst, vert årleg fastsett av norske fiskeristyresmakter på grunnlag av norske vurderingar av den forskinga som finst, både kva gjeld bestandar og avlivingsmetodar.

Norsk selfangst skjer ved bruk av forsvarlege og gode avlivingsmetodar der dyra vert avliva utan unødig liding. Bruk av hakapik er ein av desse gode avlivingsmetodane. Ved vurderinga av kva for avlivingsmetodar som skal nyttast i framtida, vil eg leggje vekt på forskingsresultat og dokumentasjon for å leggje til rette for ei ansvarleg forvaltning. For å vere gode og ansvarlege forvaltarar pliktar vi å leggje vekt på det best tilgjengelege grunnlaget.

Eg vil også føye til at korkje anbefalingar frå Europarådet si parlamentarikarforsamling eller Europarådet sitt ministerråd, er juridisk bindande for Noreg. Om Ministerrådet vel å utarbeide ei anbefaling på bakgrunn av anbefalinga frå Parlamentarikarforsamlinga, vil Noreg også komme med faglege og dokumenterte innspel i dette arbeidet.