Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1206 (2005-2006)
Innlevert: 21.09.2006
Sendt: 22.09.2006
Besvart: 02.10.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Kva meiner statsråden må gjerast på kort og lang sikt for å få større kapasitet på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden?

Begrunnelse

Trafikken på Ørsta-Volda lufthamn, Hovden har hatt ein jamn og sterk auke siste åra. Trafikken er i dag større enn det som var tilfellet då flyrutene sist vart utlyste. Kapasiteten på dei viktigaste rutene er dermed for dårleg.
I løpet av inneverande utlysingsperiode vil også Eiksundsambandet vere på plass. Dette vil også gi nye muligheiter for vekst i trafikken dersom tilbodet er godt.
Widerøe gjer ein god jobb på Hovden. Kapasiteten er totalt sett noko knapp, og på kort sikt er det spesielt morgonruta og kveldsruta som er problemet. Her er talet på plassar så lite i forhold til etterspurnaden at mange passasjerar blir avviste. Dette skaper problem for mange som kanskje må reise på kort varsel og dette er med på å svekke bruken av flyplassen.
Det er viktig at ein kjem i gang med ein prosess for å få auka kapasiteten så snart som råd. Eg vonar og trur at både Widerøe og lokale krefter er interesserte i dette, og spørsmålet er då korleis statsråden kan bidra i dette arbeidet.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Statsråden er glad for at mange ønskjer å nytte seg av flytilbodet på Ørsta-Volda lufthamn. Dette tyder at mange har glede av dei statlege midlane som blir nytta for å oppretthalde dette tilbodet.

Widerøe flyg rutene mellom Ørsta-Volda og Bergen og Oslo etter avtale med Samferdselsdepartementet for perioden 1. april 2006 til 31. mars 2009. Avtalen gir rom for nokre justeringar av tilbodet i avtaleperioden. Mellom anna pliktar operatøren å justere opp tilbodet dersom den gjennomsnittlege kabinfaktoren stig over 70 pst. Dersom selskapet vurderer at det er et marknadsmessig grunnlag for det, står selskapet også fritt til å oppjustere rutetilbodet på kommersiell basis utan at dette utløyser kompensasjon frå staten.

Eg vil minne om at representanten Løvik og Samferdselsdepartementet den 14. juni 2004 fekk oversendt ei dokumentert utgreiing om situasjonen før utlysing av inneverande konsesjonsrunde. Dåverande politisk leiing tok ikkje denne utgreiinga til følgje. Det er no sett ned ei lokal gruppe frå næringsliv og offentlig forvaltning som arbeider med å utarbeide innspel til Samferdselsdepartementet før neste konsesjonsrunde.

Rutene skal lysast ut på nytt frå og med 1. april 2009. Departementet vil følgje utviklinga nøye, og lytte til lokale innspel, for å avgjere kva for krav som bør stillast til kapasitet og rutetilbod ved neste høve.