Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:110 (2006-2007)
Innlevert: 26.10.2006
Sendt: 27.10.2006
Besvart: 02.11.2006 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Mannskapssituasjonen i norsk fiskerinæring er alvorleg mellom anna på grunn av Regjeringas utviding av nettolønsordninga. Fleire farty slit med å skaffe arbeidskraft. Eg viser i den samanheng til rundskriv UDI 02-59 OPA om arbeidstillatelse for ufaglært arbeidskraft, jf. utlendingsforskriften § 4a andre ledd bokstav f.
Vil statsråden vurdere at også havfiskarar kan takast inn i den forskrifta?

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Den norske fiskeripolitikken har som ei av sine hovudmålsetjingar å sikre at dei nasjonale marine ressursane kjem kystbefolkninga i Noreg til gode, jf. deltakarloven sin føremålsbestemming i § 1.

Norsk lov krev at minst halvparten av mannskapet eller lottfiskarane og førar eller høvedsmann på norske fiskebåtar anten skal vere norske statsborgarar eller vere busett i Noreg, jf. § 3, 2. ledd i lov 17. juni 1966 om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. i Norges territorialfarvann (fiskeriforbudsloven). Dette inneber at inntil halvparten av mannskapet kan vere utanlandske statsborgarar eller busett i utlandet. Det er heller ikkje ein føresetnad for å være mannskap at ein er registrert i fiskarmanntalet. Ei brei høyring om nasjonalitets- og bustadskravet har nett vore gjennomført, der det vert foreslått at nasjonalitetskravet opphevast, mens bustadskravet vert spesifisert til å gjelde kystkommunar eller tilgrensande kommunar. Ei slik lovendring vil styrkje regjeringa si målsetjing om at verdiskapinga av våre nasjonale fiskeressursar i størst mogleg grad skal kome kystsamfunn som er avhengig av fiskeria, til gode.

Alle som skal ta arbeid i Noreg må i hovudregelen ha arbeidsløyve. Det er eigne reglar for borgarar omfatta av EØS/EFTA-avtalen. Gjennom ordninga som stortingsrepresentanten viser til, kan også arbeidsløyve bli gitt til russiske borgarar frå Barentsregionen som skal arbeide i fiskeindustrien i Nordland, Troms og Finnmark. Bearbeiding og konservering om bord på fabrikkskip frå dette området er omfatta av reglane. Løyve vert ikkje gitt dersom det er tilgjengeleg arbeidskraft innanlands eller arbeidskraft frå EØS- eller EFTA-området. Lengda på løyva kan ikkje overstige til saman to år. Ny løyve etter dette kan ikkje verte gitt før etter eit års opphald utanfor Noreg. Sidan ordninga inneheld enkelte avgrensingar, som at ho rettar seg mot ufaglært arbeidskraft som ikkje kan vera her i meir enn to år, ynskjer eg førebels ikkje å utvide ho.

Når det gjeld konkurransesituasjonen om arbeidskraft er eg i nær dialog med Noregs Fiskarlag om dette. Dei oversendte i september i år ein rapport med tittel: Frå ungdom til fiskar, frå fiskar til fartyeigar. Rapporten kjem med klare anbefalingar om tiltak på kort og lang sikt som kan bøte på rekrutteringa til næringa. Vi er i drøftingar med Fiskarlaget om å følgje opp desse anbefalingane. Vidare har vi Fiskarlagets innspel om økonomiske ordningar og andre tilretteleggjande tiltak for å betre konkurransesituasjonen i flåten til vurdering i relevante departement.