Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:115 (2006-2007)
Innlevert: 27.10.2006
Sendt: 30.10.2006
Besvart: 07.11.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Kan statsråden bekrefta at ADR-forskriftene ikkje gjer det vanskelegare for bilar med "farleg last", etter at gassferjene på strekningane Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavik kjem i drift frå nyttår?

Begrunnelse

Me er mange som ser fram til at hurtiggåande gassferjer kjem i drift på dei nemnde ferjestrekningane. Ferjesambanda er livsviktige knutepunkt med stor trafikk av alle kategoriar. Ein del av lasta som vert transportert, er "farleg last" som kjem inn under restriksjonar som følgjer av ADR-forskriftene.
Dei nye hurtigfergene er gassdrivne. Gass vert definert som "farleg last". Spørsmålet som har dukka opp er om dette kan føra til at heilt nødvendig transport av anna "farleg last" kan få dårlegare transportforhold enn i dag over desse sambanda.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: ADR-forskrifta regulerer landtransport av farleg gods, dvs. transport på veg og jernbane. Transport av farleg gods på ferjer blir regulert av "Forskrift om transport av farlig gods som pakket gods på passasjerskip". Denne forskrifta er fastsett av Sjøfartsdirektoratet som har det overordna ansvaret for tryggleiken til sjøs.
Statens vegvesen har ansvar for kjøp av riksvegferjetenester, og har inngått ein kontrakt som fører med seg at sambanda Halhjem-Sandvikvåg og Arsvågen-Mortavika frå neste år skal trafikkerast med fartøy drivne med gass. I den samanhengen blei det stilt som krav at kvar ferje som minimum skal kunne ta eit vogntog med farleg last i kvar ende av bildekket. Sjøfartsdirektoratet skriv ut ei "Erklæring om transport av farlig gods" når nye fartøy er synfart og funne å vere i samsvar med regelverket.
Statens vegvesen opplyser at dei ikkje er kjent med at det for gassdrivne fartøy skulle vere andre reglar enn for andre fartøy med omsyn til transport av farleg gods.