Skriftlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til justisministeren

Dokument nr. 15:126 (2006-2007)
Innlevert: 30.10.2006
Sendt: 31.10.2006
Besvart: 06.11.2006 av justisminister Knut Storberget

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I situasjoner der den attlevande forelder er dømd for forsetteleg eller overlagt å ha volda den andre forelders død, er det i dagens regelverk ein KAN-regel, som gjer at ein kan miste rett til forsikringsutbetaling, arverett og foreldrerett.
Vil justisministeren vurdere ei lovendring slik at ein automatisk misser arverett, foreldrerett og rett til forsikringsutbetalingar i slike høve?

Begrunnelse

Bakgrunnen for spørsmålet er situasjoner der den attlevande forelder er dømd for forsetteleg eller overlagt å ha volda den andre forelders død. At det i det heile kan vera mogleg i slike situasjoner å få utbetalt forsikringspengar, strir mot folk sine rettsoppfatting. Det bør derfor vera omvendt bevisførsel slik at ein automatisk misser rett til forsikringsutbetaling, foreldrerett og arverett, men ein sikkerheitsventil om å kunne gå til søksmål for å få rettigheitane attende. I norsk rett er det vanleg at ein på likt med straffesaka tek opp spørsmålet om å fråta arveretten. Problemet oppstår då først og fremst når dommen fell i utlandet, der dei ikkje har slik praksis. Spørsmålet om foreldrerett vart endra i barnelova til at tingretten i slike saker skal ta førebils avgjer om foreldreansvaret. Men ein må framleis gå rettens veg for at foreldreretten vert fråteken permanent. Det verkar vanskeleg nok å komme i ein slik situasjon for born og andre pårørande om ein ikkje også må gå til søksmål. Det er tidkrevjande og dyrt og ei ekstra belasting i ein situasjon prega av sjokk og sorg. Då verkar det meir rettferdig at det er omvendt bevisførsel, dvs. at ein automatisk misser denne retten, og at det er gjerningsmannen og ikkje offeret som må ta belastinga med å gå til ei eventuell rettssak.

Knut Storberget (A)

Svar

Knut Storberget: Spørsmålet frå stortingsrepresentant Heggø gjeld ulike rettsområde, og det er derfor

fleire sett av rettsreglar som gjeld for den situasjonen som er omtalt i spørsmålet.

Spørsmålet om arverett er regulert i lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. § 73. Regelen inneber mellom anna at om nokon blir dømt til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot mot den han skulle arve, og arvelateren døyr på grunn av handlinga, så kan arveretten til den skuldige heilt eller delvis falle bort Regelen kom inn ved arvelova av 1972, og inneber at spørsmålet om bortfall av arverett må vurderast i det einskilde høvet Bortfallet er ikkje ei automatisk følgje av dom for nærare fastsette straffbare handlingar, slik det var etter arvelova 1854, Spørsmålet om bortfall av arv skal skje etter ei vurdering i kvart einskild høve efler som ei automatisk følgje av ei straffbar handling, vart grundig vurdert av både Arvelovkomiteen og Justisdepartementet, sjå i denne samanhengen drøftingane i Innstilling frå Arvelovkomiteen side 244 følgjande og Otprp. nr. 36 (1968-69) Om lov om arv m.m, side 194 følgjande.

Av høyringsfråsegnene som er inntekne i den nemnde proposisjonen, går det likevel fram at spørsmålet var omstridt, og at det kan tenkjast fleire løysingar. Dei røynslene som ein har med regelen etter over 30 års virke, og den generelle samfunnsutviklinga i tida etter vedtakinga av arvelova i 1972, gjer åg at det kan vere tenleg med ei ny vurdering av spørsmålet nå. Eg vil derfor be Skiftelovutvalet (oppnemnt ved kgl res, 9. september 2005) om å utgreie spørsmålet som ein del av sitt pågåande arbeid.

Spørsmålet om forsikringsutbetaling er regulert av lov 16. juni 1989 nr. 69 om forsikringsavtaler § 15-9, som fastset at reglane i arvelova § 73 gjeld tilsvarande når den som har rett til forsikringssummen, sjølv framkallar forsikringstilfellet Dette gjeld jamvel for forsikringsytingar på grunnlag av invaliditet som er ei følgje av handlinga. Ettersom regelen i forsikringsavtalelova viser til regelen i arvelova § 73, ligg det etter mi meining nær å avvente utgreiinga og eit eventuelt forslag til endring av regelen i arvelova, før ein tar stilling til regelen for forsikringstilfella. Gode grunnar taler i alle høve for at ein har den same rettslege løysinga på desse to områda.

Spørsmålet om foreldrerett er regulert i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre (barnelova). Reglane går fram av § 38 om foreldreansvaret etter dødsfall § 60 om førebels avgjerd og § 63 om handsamingsmåten for krav om foreldreansvar etter dødsfall. Ved lov 7. april 2006 nr. 6 om endringer i barnelova mv, ble det vedteke særlege reglar for tilfelle der den attlevande er sikta eller tiltalt for forsettleg eller overlagt å ha valda at den andre er død, sjå Ot.prp. nr. 103 (2004-2005) Om lov om endringer i barnelova mv. kapitel 5.6, jf. Innst O. nr. 35 (2005-2006). Desse endringane trer i kraft 1. januar 2007. Spørsmål om barnelova høyrer elles under barne- og likestillingsministeren.

Med helsing