Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:141 (2006-2007)
Innlevert: 02.11.2006
Sendt: 03.11.2006
Besvart: 14.11.2006 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Dei siste 3-4 vekene har Posten sin distribusjon av riksspreidde meiningsbærande aviser vore kaotisk, og har ramma abonnentar over heile landet. Dette er ein totalt uakseptabel situasjon.
Kva vil samferdselsministeren gjera med dette?

Begrunnelse

Riksspreidde, meiningsbærande aviser er heilt avhengige av Posten for å få avisene fram til abonnentane. For desse avisene finst det ikkje alternative distribusjonskanalar. Posten er såleis i ein monopolsituasjon i denne marknaden.
Dei siste vekene har distribusjonen vore heilt kaotisk, og tilsynelatande tilfeldig. Dette har ført denne avistypen inn i ein alvorleg situasjon. Abonnentar seier opp, avisene må innkalla ekstrahjelp for å handtera klager frå folk som ikkje får avisa osv., osv.
Leiarar i fleire aviser seier at Posten ikkje tek dei på alvor når dei klagar. Spørsmål om erstatning vert blankt avvist.
Posten grunngjev vanskane med innkjøringsproblem med det nye flyfraktnettet som er etablert, men når vanskane har vart i fleire veker så verkar det for meinigmann meir som eit utkjøringsproblem enn som eit innkjøringsproblem.
Dei riksspreidde, meiningsbærande avisene har frå før eit liv som ikkje er utprega lett. Marginane er små, og det som trengst for denne viktige avistypen er stimulerande tiltak, og ikkje nye vanskar.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Posten skal yte eit godt og likeverdig tilbod av posttenester til brukarane i alle deler av landet, slik det er stilt krav om i konsesjonen til Posten. Det er i konsesjonen til Posten eit krav om at prioritert brevpost, mellom anna aviser som er sendt på denne måten, skal bli utlevert alle kvardagar, og at minst 85 pst. av den prioriterte brevposten skal vere framme dagen etter at posten har blitt innlevert. Posten får samtidig godtgjort for meirkostnadene ved å utlevere post alle kvardagar gjennom selskapet sin einerett og ordninga med statleg kjøp av ulønsame tenester.
Eg har bedt Posten om å kommentere forholda du tek opp. Posten viser til at dei har sett i gang fleire tiltak for å løyse problema dei har med framsending av aviser og anna prioritert brevpost mellom landsdelane. Eit viktig tiltak er innføring av ein heilt ny flyløysing der Posten i slutten av førre månad gikk over til å sende posten med eigne, leigde fly. Saman med andre lokale tiltak, meiner Posten at den nye flyløysninga vil sikre ein god kvalitet på postframføringa framover. Det har vore innkøyringsproblem, og Posten sender no aviser og anna prioritert post med andre ruter for å redusere belastninga på det nye flynettet i innkøyringsperioden. Posten set også inn ei rekkje lokale tiltak i dei områda som har blitt spesielt ramma.
Målingar av framsendingskvaliteten til Posten i tredje kvartal i år viser ein framsendingskvalitet for prioritert brevpost på 85,2 pst. Krava i konsesjonen til framsendingskvalitet er med andre ord oppfylgt. Dersom mange brukarar i enkelte deler av landet likevel opplever å få eit dårlegare tilbod, er ikkje dette godt nok og eg legg til grunn at Posten likebehandlar sine brukarar. Eg vil også be Post- og teletilsynet gjere ei vurdering av situasjonen.
Eg forventar at tiltaka som Posten no set i verk vil betre situasjonen både på kort og lang sikt, og eg vil følgje nøye med i at dette skjer.