Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Vil finansministeren vurdera å kome med framlegg om justeringar i regelverket for meirverdiavgift slik at det vert lettare å kombinera gardsdrift med ulike tilleggsnæringar, uavhengig av om sjølve tilleggsnæringa er innanfor eller utanfor meirverdiavgiftssystemet?
Begrunnelse
I eit tilfelle me har vorte gjort kjende med, møter personar som kombinerer gardsdrift med tilleggsnæringar vanskar i høve til meirverdiavgifta. Konkret gjeld det investeringar i ei småbåthavn, som etter gjeldande reglar ikkje vert godkjend som næringsinntekt, og dermed ikkje er berettiga for refusjon av inngående meirverdiavgift. Grunna manglande momsrefusjon får prislappen på utbygginga eit påslag på fleire hundre tusen kroner. Dette gjer sjølvsagt finansieringa ekstra tung.
I dette tilfellet dreier det seg om eit typisk eksempel på ein utbyggjar som har teke på alvor myndigheitene si oppmoding om å vera kreativ i søket etter alternativ tilleggsnæring til gardsdrifta. Manglande høve til å få momsrefusjon for desse investeringane gjer økonomien i prosjektet rett og slett svært krevjande.
Det er gode grunner til at båthamner tidlegare vart teken ut av momssystemet, av omsyn til lik handsaming av båtlag og private utbyggjarar av båthamner. I dette tilfellet har mellombels regelverket verka negativt når det gjeld muligheita til å utvikla ei tilleggsnæring til gardsdrifta.
Ei mogeleg løysing kunne vera å innvilga ei generell rett til refusjon av meirverdiavgift når investeringane er knytt til å byggje opp tilleggsnæring til gardsdrift, uavhengig av om tilleggsnæringa er innanfor eller utanfor meirverdiavgiftssystemet.