Skriftlig spørsmål fra Olav Akselsen (A) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:240 (2006-2007)
Innlevert: 24.11.2006
Sendt: 24.11.2006
Besvart: 30.11.2006 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): Israel har fengsla 38 valde parlamentarikarar frå den lovgjevande palestinske forsamlinga (PLC), mellom anna parlamentspresident Aziz Dweik i tillegg til 5 ministrar. Dei fleste av dei fengsla parlamentarikarane tilhøyrer "Change and reform"-lista som har ei viss tilknyting til Hamas, men lista vart ikkje kritisert før valet av Israel.
Kva er den norske haldninga til fengslingane, og korleis kjem dette til uttrykk overfor israelske styresmakter?

Begrunnelse

Israel har fengsla mange medlemmer av den palestinske lovgjevande forsamlinga. Landet har òg fengsla fleire ministrar frå den palestinske regjeringa. Dette har bidrege sterkt til å auka spenninga i regionen.
Det er kome signal om at det er spesiell grunn til å uroa seg for helsetilstanden til Aziz Dweik, parlamentspresidenten.
I Sharm el Sheikh-avtalen mellom president Abbas og tidlegare statsminister Sharon (januar 2004) var det eit punkt om utlevering av politiske fangar. Dei fengsla parlamentarikarane må vel i høgste grad kallast politiske fangar, utan at den avtalen ser ut til å ha relevans for den omtalte situasjonen.
Det er i dag eit stort og sterkt internasjonalt engasjement for å få frigjeve dei fengsla personana, og det er absolutt viktig å oppretthalda det internasjonale presset for å få dette til.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Dei nyaste opplysningane vi har i denne saka, går ut på at det no er 35 fengsla palestinske politikarar; av dei er 33 parlamentarikarar og av dei igjen er to ministrar. I tillegg er to ministrar fengsla som ikkje er parlamentarikarar.
Eg er heilt samd med representanten Akselsen i at det ikkje er akseptabelt at desse politikarane vert haldne fengsla. Israel må snarast setje dei fri.
Av mange openberre grunnar er det uakseptabelt å halde folkevalde representantar fengsla. Her skal eg særleg nemne at det palestinske parlamentet ikkje er vedtaksført når ein så stor del av forsamlinga er hindra i å ta del i verksemda. Om ein skal leggje formelle krav til grunn, vil det seie at ein ikkje kan få ei parlamentarisk godkjenning av ei ny palestinsk samlingsregjering - noko Israel krev at palestinarane skal skipe - og som heile det internasjonale samfunnet ville ønskje velkommen. Dette syner kor uakseptabel situasjonen er.
At Israel held folkevalde palestinske politikarar fengsla, er ei alvorleg hindring for framgang i arbeidet for ei fredeleg løysing på problema i Midtausten.
I den aller seinaste tida har vi sett nokre positive utviklingstrekk i tilhøvet mellom Israel og palestinarane. Våpenkvila på Gaza er eit slikt trekk. Då statsminister Olmert presenterte denne våpenkvila i ein minnetale over statsminister David Ben-Gurion, nemnde han òg at det er god von om å få til ein avtale der den israelske korporalen Gilad Shalit vert utveksla med eit utval palestinske fangar. Førebels veit vi ikkje kor mange fangar det er tale om, eller kven dei er. Men dette bør være eit godt høve til å frigjeve dei palestinske politikarane.