Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:463 (2006-2007)
Innlevert: 19.01.2007
Sendt: 22.01.2007
Rette vedkommende: Utenriksministeren
Besvart: 29.01.2007 av utenriksminister Jonas Gahr Støre

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Intrafish melder 19. januar at Noreg si laksesak i Verdens Handelsorganisasjon (WTO) ikkje står så sterkt som vi har håpa. Saka gjeld EU sitt antidumping-regime mot Noreg. Det vert mellom anna sagt at eit høyringsnotat frå USA i hovudsak støttar EU, og vi veit at USA har stor makt i WTO.
Kva er status for Noreg si laksesak i WTO?

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Spørsmålet vert overført frå fiskeri- og kystministeren.
WTO-panelet som blei oppretta i juli i fjor for å vurdere Noreg si sak mot EU om dei anti-dumpingtiltaka EU har sett i verk mot norsk laks, har hatt det første av to møte med Noreg og EU. Dette fann stad i desember i fjor. Det neste og siste møtet med panelet vil finne stad 6. og 7. februar. Etter det vil panelet bruke nokre månader på å gjere ferdig rapporten sin til tvisteløysingsrådet i WTO. Etter den tidsplanen som panelet følgjer, reknar vi med at rapporten vil liggje føre i mai i år.
Rapporten vil deretter bli vedteken av tvisteløysingsrådet i WTO og er bindande for partane såframt han ikkje blir anka. Dersom ein av partane ankar, vil det faste ankeorganet i WTO vurdere saka. Dette vil ta endå nokre månader, slik at den endelege avgjerda då vil liggje føre hausten 2007.
Seks WTO-medlemmer melde seg som såkalla "tredjepartar" i saka. Dette er Canada, Japan, Hongkong, Kina, Korea og USA. Tredjepartane forsvarer sine generelle og systemiske interesser i korleis anti-dumpingavtalen til WTO skal tolkast.
Dei har ikkje uttalt seg om faktum i saka. Det vil seie at ingen av dei har teke stilling til dei konkrete anti-dumpingtiltaka mot norsk laks, heller ikkje USA. Innhaldet i innlegga deira for panelet er konfidensielt, men innlegga frå tredjepartane er korte og tek berre opp nokre få av utsegnene frå Noreg som er av spesiell interesse for dei. Det er rettast å seie at dei støttar sine eigne interesser, ikkje ein av partane. Tredjepartane har såleis i sine fråsegner spelt inn element i saka som dei meiner går i vår favør, og element som dei meiner ikkje gjer det. Det er òg slik at det i ei og same fråsegn kan vere element som går begge vegar. Dette gjeld òg fråsegna frå USA.
Panela i WTO er heilt uavhengige av medlemsstatane og baserer sine rapportar på ei juridisk fortolking av avtalane. Panelrapportane blir vedtekne ved det som blir kalla "negativ konsensus", dvs. at dei blir vedtekne med mindre alle medlemmer røystar imot - inkludert det landet som reiste saka. I praksis skjer dette aldri. Det inneber at verken USA eller andre store eller små WTO-medlemmer kan påverke innhaldet i ein panelrapport eller hindre han i å bli vedteken. Dette ser ein også heilt klart ut frå dei mange sakene USA har tapt når det gjeld deira anti-dumpingtiltak.
Den første panelhøyringa er overstått. Vi kan ikkje ut frå denne høyringa seie noko sikkert om utfallet, og det er framleis ei høyring til som står att før avgjerda ligg føre. Det er likevel ikkje noko ved den første høyringa som har endra dei generelle råda vi får (om godheita i saka) frå våre juridiske rådgjevarar, og dermed ligg det heller ikkje føre ei vesentleg anna oppfatning av saka frå vår side.