Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:464 (2006-2007)
Innlevert: 19.01.2007
Sendt: 22.01.2007
Besvart: 29.01.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Norske fiskarar og norsk fiskeindustri er svært negative til at det nå er inngått ein avtale som opnar for at Island kan fiske meir sild i norsk sone. Denne avtalen er inngått stikk i strid med råd frå ei samla fiskerinæring i Noreg og vil føre til store tap for fiskeri og fiskeindustri.
Korleis kan statsråden forsvare at det er inngått ein slik avtale stikk i strid med næringa sitt syn?

Begrunnelse

Den nye avtalen mellom Noreg og fire andre land om fiske og fordeling av norsk vårgytande sild blir slakta av ei samla fiskerinæring. I avtalen har Noreg gått med på at Island får fiske meir sild i norsk sone. Dette er nettopp i den perioden då kvaliteten på silda er best og prisane høgast. Dette vil gi næringa i Noreg eit tap på fleire hundre millionar kroner, blir det hevda.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Frå 1996 til 2002 var Noreg part i avtaler om sild med EU, Færøyane, Island og Russland der den norske delen låg på 57 pst. Noreg har kravd ein høgare del med basis i kor mykje av bestanden som held seg i norske farvatn. Sidan 2003 har det ikkje vore nokon fempartsavtale om fiske og fordeling av norsk vårgytande sild.

Etter 2003 har den faktiske norske delen lege mellom 57 og 59 pst., ettersom fleire av partane har auka totalkvotane sine. Den nye fordelingsnøkkelen gir Noreg 61 pst., som er den høgste del av totalkvoten som har vore oppnådd sidan fempartsforvaltninga av norsk vårgytande sild starta i 1996. Kyststatsavtalen inneber at Noregs faktiske del er auka.

Å fortsette utan avtale ville kunne føre til ei ukontrollert oppskalering av fisket, og over tid vanskeleggjere sjansane for å nå fram.

Næringa har sagt seg misnøgd med at Island har fått tilgang til norsk sone. Island hadde tilgang til å fiske 12 000 tonn i norsk økonomisk sone (NØS) i 2003. Det tilsvarar ca. 20 000 tonn med dagens totalkvote (TAC). Island har i 2007 fått tilgang til å fiske 34 560 tonn i NØS. Næringa har tidlegare vore einig i at viss Noreg får ein del på 65 pst., ville det innebere 100 pst. åtgang til NØS, ikkje berre for Island, men og for alle dei andre partane. I lys av dette er det vanskeleg å forstå at det er eit stort problem for næringa at Island får ta 34 560 tonn eller 18,6 pst. av kvoten sin i NØS.

Det har vore eit overordna omsyn for Noreg å få på plass ei forsvarleg og berekraftig forvaltning av denne bestanden, som er den største i Nord-Atlanteren. Fempartsavtalen som no er inngått, representerer eit betydeleg framskritt i forvaltningssamarbeidet om fiskeressursane i Nordaust-Atlanteren. Det er i samsvar med overordna interesser både hos Regjeringa og næringa. Alle dei viktige fiskebestandane i våre farvatn vert no regulerte.

Då partane ikkje var einige om fordelinga låg dei fastsette kvotane høgre enn det tilrådde uttaket. Dette representerer ein fare for bestanden og er ikkje i tråd med berekraftig forvaltning. I ein situasjon der ein ikkje er samde om forvaltninga er det alltid ein fare for overfiske. Ein avtale medverkar til føreseieleg forvaltning og berekraft i den langsiktige forvaltninga, slik at vi kan hauste av silda i mange år framover.