Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:465 (2006-2007)
Innlevert: 19.01.2007
Sendt: 22.01.2007
Besvart: 29.01.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Synes statsråden dette oppkjøpet er ei omgåing av norsk klasevåpenpolitikk, og kva vil statsråden, som øvste eigar, foreta seg i høve NAMMO når det gjeld avklaring av kva som produserast hos Talley og om dette i tilfelle er noko statsråden kan godta som ein del av norsk statleg eigarskap utifrå politiske og etiske høve?

Begrunnelse

Noreg vedtok i fjor totalforbod mot bruk av klasebomber og søker å gå ein veg internasjonalt for å få til eit forbod mot desse våpna. NAMMO som er halvt eigd av den norske stat har gått til del oppkjøp av ein USA basert klasebombe produsent, Talley Defence Systems. Norsk Folkehjelp reagerer sterkt på oppkjøpet og seier det kan undergrave norsk utanrikspolitikk.

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Den 3. januar 2007 hadde eg eit møte med leiinga i Nammo, konsernsjef Edgar Fossheim og nestleiar i styret KarlGlad. Dei gav ei utgreiing om kjøpet av Talley Defense Systems.

Når det gjeld våpen som er nemnde i media som klasevåpen, opplyste Nammo i dette møtet at Talley Defense Systems i dag ikkje produserer delar, og heller ikkje utløysingsmekanismer, til verken ATACMS, MLRS eller Tomahawk, slik det kan tolkast frå Talley si heimeside. Nammo opplyste også at Talley ikkje lenger produserer "Base Bleed", ein mekanisme for å auke rekkevidda til ulike slag ammunisjon, til bruk for M-864 artilleriammunisjon, og ikkje har gjort det sidan tidleg på 1990-talet.

Nammo har lenge hatt eit samarbeid med Talley Defence Systems. Samarbeidet har vore i samsvar med dei norske våpeneksportreglane. Leiinga i Nammo har stadfesta at føremålet med kjøpet ikkje har vore å omgå dei norske reglane om våpeneksport.

Talley Defence Systems skal heller ikkje tilverke delar som ikkje kan produserast av Nammo på Raufoss etter dei strenge eksportreglane. Kjøpet av Talley Defence Systems endrar ikkje på dei etiske standarder for Nammo AS.

Ut fra den informasjon eg har fått fra selskapet legg eg til grunn at Nammo ikkje tilverkar våpen som er i strid med dei folkerettslege prinsippa og at heller ikkje Talley tilverkar delar som er utvikla særskild for klasevåpen. Ingen av desse verksemdene har tilverka delar som i seg sjølv kan fungere som klasevåpen.