Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:483 (2006-2007)
Innlevert: 23.01.2007
Sendt: 24.01.2007
Besvart: 31.01.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Sikkerheit på sjøen er viktig og må gå føre andre omsyn, men i enkelte tilfelle kan sikkerheitskrava bli oppfatta som urimelege. Kvalsafari i Vesterålen er eit unikt sommar- og godversreiselivsprodukt. Dei er underlagte strenge sikkerheitkrav som om det var heilårsaktivitet.
Vil statsråden vurdere om nivået på sikkerheitskrava til kvalsafari kan reduserast mot at det vert lagt restriksjonar på tid på året, veravgrensingar, dagslys etc. desse båtane kan operere i?

Begrunnelse

Sikkerheita på passasjerfarten i Noreg har blitt innskjerpa gjennom Rådsdirektiv 98/18/EF og vidare Forskrift av 28. mars 2000 nr. 305. Dei regulerer dei strenge sikkerheitskrava som ma. kvalsafaribåtane er underlagte. Det er for øvrig same regelverket som heilårsdrivne farty som hurtigrutene er omfatta av.
Kvalsafarien i Vesterålen er driven på sommarstid, i godt ver og berre som korte dagsturar, noko som i utgangspunktet skulle tilseie at desse båtane ikkje er direkte samanliknbare med heilårsdrivne farty. Det skal også finnast eksempel frå m.a. Hellas der enkeltfarty har fått dispensasjon frå rådsdirektivet på grunn av sin spesielle stilling.
Eit direktiv som skal omfatte all passasjertrafikk, både store og små farty, kan vanskeleg møte alle omsyn. Det kan verke urimeleg for enkeltaktørar å møte veldig omfattande sikkerheitkrav som er mynta på langt større farty og farty som opererar heile året.
Dette handlar om ei svært liten gruppe aktørar, men det er aktørar som er viktige i sine lokalsamfunn. Dei er med på å skape ein viktig aktivitet i sine lokalsamfunn. Krava til sikkerheit skal vere rimelige og muleg å etterleve. Myndigheitene bør vurdere om det er muleg å sjå på unntaksordningar der motkravet kan vere restriksjonar på bruken.

Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Regjeringa ynskjer å fremje positiv næringsutvikling i distrikta, og kvalsafari er eit viktig bidrag i den samanheng.
Etter mi vurdering er ikkje det eksisterande tryggleiksregelverket til hinder for å oppretthalde det unike tilbodet som kvalsafari representerer. Slik eg ser det må tryggleiken til passasjerane og besetninga vere det viktigaste omsynet i denne saka. Passasjertransport skal skje på ein trygg og forsvarleg måte, med fartøy som oppfyller sikkerhetsføresegnene som gjeld for passasjerfartøy. Desse krava vil variere etter for eksempel storleiken på fartøyet, byggeår, passasjerantal og etter fartsområdet.
Rådsdirektiv 98/18/EF er detaljert og strengt, og gir lite handlingsrom for styresmaktene. Direktivet opnar ikkje for å gi individuelle unntak frå krava, og eit eventuelt unntak må difor gjelde for alle fartøy som driv under same operasjonsforhold. Unntak kan berre givast ved særskilte driftsforhold, og det er vidare ein føresetnad at tryggleiksnivået ikkje vert redusert. Dette er ei konkret og skjønnsmessig vurdering som må gjerast av Sjøfartsdirektoratet. Unntak og alternative løysingar skal vidare notifiserast til EFTAs overvakingsorgan, ESA.
Avslutningsvis viser eg til at Nærings- og handelsdepartementet har oppmoda kvalsafarinæringa om å ta kontakt direkte med Sjøfartsdirektoratet for å drøfte desse problemstillingane, og moglege løysingar som eventuelt kan gi grunnlag for eit generelt unntak. Per dags dato har ikkje næringa så langt eg er kjend med, teke eit slikt initiativ overfor direktoratet.