Skriftlig spørsmål fra Trine Skei Grande (V) til kommunal- og regionalministeren

Dokument nr. 15:511 (2006-2007)
Innlevert: 30.01.2007
Sendt: 31.01.2007
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 07.02.2007 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Trine Skei Grande (V)

Spørsmål

Trine Skei Grande (V): Vil statsråden vurdere om det er aktuelt å gi eige øyremerka statstilskot til dekking av skyssutgifter i samband med interkommunalt samarbeid med norskopplæring for innvandrarar?

Begrunnelse

I samband med ny finansieringsordning av norskopplæring for innvandrarar, har det frå september 2005 vore ein gradvis overgang til eit statleg tilskotssystem per capita for deltakarar i norskopplæring. Denne finansieringsordninga vil stimulere til interkommunalt samarbeid for kommunar som prioriterer omfang og kvalitet i opplæringa. Dette tilskotssystemet skal evaluerast i løpet av 2007. Per capita-tilskotet favoriserer kommunar med mange elevar, særleg dei store byane, som har moglegheit til å sette saman store grupper. For mindre kommunar blir det tilsvarande smådriftsulempe. Det trengst om lag 15 deltakarar i ei gruppe for at statstilskotet skal dekkje utgiftene til opplæring. Særleg for utkantkommunar som tek imot flyktningar frå fleire språkområder og kulturar, og med svært variert skulebakgrunn, vil gruppene bli til dels svært små. Mange mindre kommunar vurderer no omfanget på norskopplæringa etter at ny tilskotsording tek til å virke for fullt. For at tilskotet skal dekkje opplæringa best mogeleg, er det difor naudsynt med eit interkommunalt samarbeid på dette området. Sjølv med interkommunalt samarbeid vil ein ikkje kunne få grupper på spor (læringsfart) og nivå som er store nok til at statstilskotet dekkjer utgiftene til opplæringa. Utgiftene til transport til interkommunal norskopplæring blir ein ekstra utgiftspost, og enkeltkommunar vil måtte vurdere å gje opplæring innanfor eigen kommune, men i eit omfang tilsvarande det statlege tilskotet. Dersom staten gav eige tilskot til meirkostnader knytt til transport mellom kommunar, ville dette vera eit incitament både for å sette i gang interkommunalt samarbeid, eller vidareutvikle interkommunalt samarbeid på området. Eit slikt tilskot kunne fordelast via skjønsmidlane som fylkesmannsembeta fordelar til kommunane. Staten kan leggje føringar for fylkesmannsembeta for korleis desse skjønsmidlane skal nyttast.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Spørsmålet vert overført frå kommunal- og regionalministeren.
Tilskotsordninga for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar vil bli vurdert. Det er lyst ut ei forskingsbasert evaluering av tilskotsordninga og kommunane si implementering av rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova. Formålet med denne evalueringa er å få vurdert korleis tilskotet bidrar til at kommunane gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap, få vurdert om tilskotet dekkjer dei faktiske utgifter kommunane har, få vurdert organiseringa av opplæringa, korleis kommunane vurderer interkommunalt samarbeid og konkurranseutsetjing, og om dei bruker det. Som ein del av evalueringa skal ein fremje forslag om å vidareutvikle gjeldande tilskotsordning og/eller fremje forslag om ny finansieringsordning. Etter planen skal denne evalueringa vere ferdig 1. november 2007.
På bakgrunn av ei rekkje tilbakemeldingar frå små kommunar er departementet allereie i gang med eit arbeid for å vurdere kva for effekt tilskotsordninga har i små kommunar.
Spørsmålet om ein skal dekkje utgifter til skyss i samband med interkommunalt samarbeid vil vere eit av dei tema som vil bli vurderte i den gjennomgangen av tilskotsordninga som departementet no er i ferd med å gjennomføre.