Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:512 (2006-2007)
Innlevert: 30.01.2007
Sendt: 31.01.2007
Besvart: 08.02.2007 av miljøvernminister Helen Bjørnøy

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Det er ukjent i Giske kommune, at det skal vere gjort noko formelt vedtak om vern av radiomasta på Vigra.
Kva vil statsråden gjere viss det formelt ikkje har vore riktig framgangsmåte i vernesaka, og kva konsekvensar vil ei verning få for framtidig tryggleik og utvikling av flyplassen på Vigra, Ålesund lufthamn?

Begrunnelse

På leiinga i Giske kommune har det kome som ei stor overrasking at Vigra kringskaster ligg inne i ein landsomfattande verneplan for bygningar og installasjonar som opphavleg var bygd av Televerket. Den er utarbeidd i eit samarbeid mellom Norsk Telemuseum, Riksantikvaren og Telenor, og ligger ute på Norsk telemuseums internettside. Giske kommune hevdar at korkje forvaltningsmessig praksis, retningsliner eller lovreglar er fylgt, kommunen kan ikkje kan sjå at dei har fått utalt seg i saka.
Mange ønskjer å få fjerna Vigra-masta fordi den i dag er eit problem for å få utvikla Ålesund lufthamn. Vigra-masta stenger i dag for vidare utvikling av flyplassen fordi den 230 meter høge masta krev større tryggleiksmarginar ved innflyging, noko som gir dårlegare regularitet. Enkelte selskap har uttalt at dei ikkje vil fly til Vigra før masta er fjerna.

Helen Bjørnøy (SV)

Svar

Helen Bjørnøy: Det følgjer av sektorprinsippet på miljøområdet at statlege sektorar som eig eller forvaltar eigedommar av kulturhistorisk verdi skal ta vare på desse verdiane i si eigedomsforvalting. Eg viser her til "Forvaltning av statens kulturhistoriske eigedommar - Overordna føresegner gitt i kongeleg resolusjon, med utfyllande rettleiing", fastsett 1. september 2006. Som ledd i arbeidet har fleire samfunnssektorar utarbeida landsverneplanar for kulturminne og kulturmiljø innan eigen sektor. Det er særleg laga verneplanar for større anlegg og heilskaplege miljø som representerer verksemder og næringar som har vore vesentlege for Noreg si utvikling som industrinasjon.
Verneplanen for Telenor sine bygningar og installasjonar er utarbeida på bakgrunn av ei kartlegging av kulturhistorisk viktige eigedommar knytt til Telenor si verksemd. Verneplanen gir ikkje formelt vern, men skal danne grunnlag for å velje ut dei anlegga som skal sikrast gjennom formelle vernevedtak, til dømes gjennom freding i medhald av kulturminnelova. Det er i dag ikkje tatt endeleg stilling til kva for bygningar og installasjonar på Telenor sin verneplan som vil bli freda. Om det blir aktuelt å gå vidare med freding av radiomasta på Vigra, vil kommunen sjølvsagt bli tatt med i prosessen på vanleg måte.