Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:520 (2006-2007)
Innlevert: 31.01.2007
Sendt: 01.02.2007
Besvart: 07.02.2007 av nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): GIEK sin byggelånsgaranti for norske verft har sidan ordninga vart oppretta i 2005 vore ein suksess. Det kjem nå signal om at ramma på 2.5 mrd. kr er i ferd med å bli oppbrukt. Sjølv om delar av norsk verftsnæring, spesielt dei offshoreretta delane, går svært bra, er det viktig å stimulere breidda i næringa og tenke langsiktig.
Kva er status for GIEK si byggelånsramme, og har Regjeringa planer om å utvide ramma om denne skulle bli for knapp?


Dag Terje Andersen (A)

Svar

Dag Terje Andersen: Det var i november 2006 ein sterk auke i søknadsinngangen under GIEK si garantiordning for byggjelån. Ramma for ordninga blir fastsett gjennom eit eige romartalsvedtak. For 2007 fastsette Stortinget samrøystes denne ramma til 2.5 mrd. kr. Ved utgongen av januar 2007 er ramma nytta fullt ut. Det er eit mål at garantiar for byggjelån ikkje skal vere til hinder for at verfta skal kunne sikre seg langsiktige kontraktar. Regjeringa vil snart i ein eigen proposisjon legge fram eit forslag om å utvide ramma for garantiordninga for byggjelån under GIEK frå 2,5 mrd. kr til 5,0 mrd. kr.