May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Multisystemisk terapi (MST) er eit intensivt, tidsavgrensa og familiebasert behandlingstilbod til ungdom som er kriminelt belasta og/eller har utvikla eit rusproblem. MST vert gjennomført i lokalmiljøet til den unge. MST-teamet i Bergen nektar å hjelpe ungdom som bur meir enn ein og ein halv time reise frå Bergen. Dei vil ikkje gje turvande behandling sjølv om dei erkjenner at sakene er av ei slik karakter at MST ville vere rette val.
Korleis vil statsråden sikre ungdom over heile landet rett til hjelp frå eit MST-team?
Begrunnelse
Då stortingsmeldinga om barne- og ungdomsvernet vart handsama, uttala ein samla komité at MST må vere eit tilbod til alle barn og familiar som treng det. MST er i første rekkje eit alternativ til institusjonsplassering. Gjennom foreldrestøtte og aktivt nærvær i familien søkjer behandlarane å setje familien i stand til å løyse sine eigne problem. For å redusere åtferdsproblema må ofte oppsedarpraksisen hos foreldra bli betre, skuleprestasjonane utviklast vidare, kontakten med avvikande ungdomsmiljø reduserast og kontakt med ikkje-kriminelle jamaldrande byggjast opp att. Gjennomsnittleg behandlingstid er fire månader. Behandlarane er tilgjengelege heile døgnet under behandlingsperioden. Etter avslutta behandling blir familien eventuelt følgd opp av det lokale hjelpeapparatet.