Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:594 (2006-2007)
Innlevert: 14.02.2007
Sendt: 14.02.2007
Besvart: 20.02.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Er det i samband med behandling av den såkalla Fedje-ubåten vurdert å nytta ein heveteknikk som går ut på at ein kapsel vert lukka rundt heile ubåt-skroget før hevinga tek til, og hvis dette er vurdert, kva er grunngjevinga for ikkje å nytta denne teknikken?

Begrunnelse

I TV2-nyhetene 13. februar 2007 kl. 21.00 vart det vist ein animasjon av ein heveteknikk gåande ut på at ein stor metall-kapsel vart lukka rundt heile ubåtskroget før hevinga starta. Det vart opplyst at ein slik framgangsmåte ville hindra noko som helst kvikksølvlekkasje under sjølve hevinga.
I same sendinga hevda ein av landet sine mest erfarne ekspertar på kompliserte, maritime heveoperasjonar at han aldri hadde nådd gjennom i forsøk på å få presentert denne løysinga for Kystverket/departementet.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Målsetjinga for Kystverket sitt arbeid med forureininga ved vraket av ubåten U-864 ved Fedje har heile tida vore å finne den beste løysninga for miljøet, både på kort og på lang sikt.
Kystverket har vurdert dei praktisk moglege løysingane både for heving og tildekking. Det inneber at ein må finne løysingar som på ein god og varig måte hindrar at kvikksølvet forureinar det marine miljøet. I tillegg må ein vere trygg på at gjennomføringa av tiltaket i seg sjølv ikkje utset miljøet for ein uakseptabel risiko. Kystverket har i dette arbeidet både vurdert ulike former for tildekking slik at kvikksølvet blir isolert der det ligg og fleire løysingar for å ta opp kvikksølvet.
Når det gjeld ulike løysingar for å heve vraket inviterte Kystverket i juli 2006 både to utanlandske selskap, Svitzer Wijsmüller og Smit Salvage, og norske Eide Marine Services til å utarbeide trygge metodar for heving av vraket med last. Desse selskapa blei invitert på bakgrunn av den erfaringa dei har frå andre krevjande hevingsoperasjonar. Kystverket har opplyst at det berre var Smit Salvage - eit verdsleiande selskap innan hevingsoperasjonar og skipsberging - som leverte ei utgreiing av hevingsmetode til Kystverket. Det er difor berre denne metoden som er omtala i Kystverket sin rapport. Kystverket har opplyst at Smit Salvage i sitt arbeid vurderte fleire forskjellige metodar før dei kom fram til si anbefaling.
Når det gjeld forslaget frå Eide Marine Services (Eide Marine) om heving med bruk av ein kapsel, så er også dette vurdert. Kystverket har opplyst at Eide Marine allereie våren 2006 deltok på eit møte med Kystverket si beredskapsavdeling. På dette møtet fekk Eide Marine kopi av dokumentasjon frå feltarbeidet ved vraket i 2005. Ifølgje Kystverket skal Eide Marine på dette møtet ha gjeve inntrykk av at dei hadde ein mogleg metode for heving, men at dei ikkje ønskte å presentere sjølve metoden, då den førebels skulle haldast hemmeleg.
I juli 2006 fekk så Eide Marine den nemnde invitasjonen til å utarbeide forslag til hevingsmetode. Eide Marine valde å ikkje svara på invitasjonen. Ikkje før i slutten av oktober 2006 tok Eide Marine kontakt med Kystverket om saka. Kystverket inviterte då Eide Marine til møte 8. november 2006. På dette møtet presenterte Eide Marine sitt forslag og la fram ei teikning av løysinga. Eide Marine la ikkje fram nokon animasjon av metoden på møtet.
På tidspunktet for møtet med Eide Marine hadde undersøkingar og berekningar frå Noregs Geotekniske Institutt gjeve betre informasjon om havbotnen ved vraket, mellom anna kor ustabil den er og at ein særleg ved framdelen av vraket må være varsam med å belaste botnen. Kystverket har difor vurdert at det er fleire faktorar ved Eide Marine sin metode som gjer den for risikabel. Kystverket peikar mellom anna på at grabben, ifølgje Eide Marine sin opplysningar til Kystverket, veg om lag 1000 tonn. Å setje ei så tung innretning ned i havbotnen for å løfte vraket kan føre til ras. Kystverket peikar òg på at det er registrert fast fjell i framkant av framskipet og i akterkant av akterskipet. Eide Marine har opplyst til Kystverket at grabben ikkje kan skjære gjennom fjell. Det er difor fare for at grabben ikkje vil klare å komme heilt ned og under vraket. Ein risikerer difor både å skade vraket og kvikksølvbehaldarar, og at det lek ut forureina sediment og kvikksølv frå grabben. I tillegg til desse faktorane peikar Kystverket på at Eide Marine sitt forslag er ein teknologi som ikkje er utprøvd på berging av vrak. Kystverket har vurdert det slik at denne saka ikkje er eigna til å eksperimentere med uprøvd teknologi.
Forslaget om å bruke ein grabb som i teorien skal omslutte heile vrakdelane og sedimenta ved desse er såleis vurdert. Eg meiner at vi ikkje skal bruke denne saka til å prøve ut metodar med så mange usikre faktorar.