Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:607 (2006-2007)
Innlevert: 15.02.2007
Sendt: 16.02.2007
Besvart: 23.02.2007 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): Molde kommune søkte i brev 2. oktober 2006 om eit treårig forsøk der kommunen skulle etablere og drive det lokale NAV-kontoret i kommunal regi. Dette er ei organisering om lag som den danske modellen. Kommunen vil mellom anna prøve ut om ei alternativ organisering der staten dreg opp dei store linjene og kommunen utformar og driv tenestene kan gi betre brukarretting. Kommunen har ikkje fått svar på søknaden.
Vil statsråden ta initiativ slik at Molde kommune får klarsignal til å gjennomføre dette spennande forsøket?

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: I brev frå Kommunal- og regionaldepartementet datert 9. februar 2007 fekk Molde kommune avslag på søknaden sin om forsøksmidler til å etablere eit lokalt NAV-kontor i kommunal regi. Kommunal- og regionaldepartementet la Arbeids- og inkluderingsdepartementet si tilråding til grunn for avslaget.
NAV-kontor skal opprettast ved avtale mellom den einskilde kommune og Arbeids- og velferdsetaten, jf. Lov om arbeids- og velferdsforvaltning § 14. Det skal i avtalen gå fram kva for kommunale tenester som skal takast inn i kontoret. Gjennom samarbeidsavtalen kan fleire kommunale tenester enn berre økonomisk sosialhjelp leggjast til NAV-kontoret. Vidare er det lagt opp til at kommunale og statlege tenestemenn kan utføre oppgåver på kvarandre sine område. Forskrift om delegasjon av mynde mellom stat og kommune i arbeids- og velferdsforvaltninga vart vedteken 26. januar 2007 og sett i verk frå same tidspunktet.
I Lov om arbeids- og velferdsforvaltning er det heimel for å gje forskrift om i særlege høve å overføre ansvaret for statlege arbeidsmarknadstiltak til einskilde kommunar (oppgavedifferensiering). Regjeringa har i statsbudsjettet for 2007 varsla at ho inntil vidare ikkje vil nytte forskriftsheimelen for oppgavedifferensiering.
Hovudmålet med NAV-reformen er å leggje til rette for eit samarbeid mellom stat og kommune til beste for brukarane. Regjeringa vil fokusere på å etablere NAV-kontor innafor dei rammene som er trekt opp, slik at organiseringa kan verke på best mogleg måte. Dette er bakgrunnen for at forskriftsheimelen om oppgavedifferensiering førebels ikkje vert nytta.