Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Kan miljøvernministeren gje ei oversikt over kva verkemiddel andre viktige europeiske havnestater har vald for å nå dei måla for reduksjon i NOx-utslepp innan 2010 dei har forplikta seg til, samt kommentera i kva grad dette aukar skilnadene i rammebetingelsane for maritime næringar i Noreg med konkurranseflate mot maritim næring i desse øvrige europeiske havnestatane?
Begrunnelse
Både ved handsaminga av statsbudsjettet 2007 og i tida etterpå har det vorte hevda frå fleire næringar at dei får ei urimeleg konkurranseulempe på grunn av innføringa av NOx-avgift frå 1. januar 2007. Det seinaste eksempelet er cruisseindustrien som hevdar at avgifta vil føre til at cruisetrafikken flyttar seg frå Noreg til andre område, mellom anna Baltikum.
Noreg har forplikta seg i Gøteborgprotokollen til å redusera NOx-utsleppa med 28 pst. frå 1990 til 2010. Andre europeiske land har forplikta seg til reduksjonar som er både høgre og lågare enn dette.
Eventuelle konkurranseulemper for cruisetrafikken og andre maritime næringar i Noreg må skuldast at andre europeiske havnestatar vel andre verkemiddel enn avgift på NOx-utslepp for å nå dei utsleppsreduksjonane dei har forplikta seg til.