Skriftlig spørsmål fra Hallgeir H. Langeland (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:784 (2006-2007)
Innlevert: 20.03.2007
Sendt: 20.03.2007
Besvart: 28.03.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Hallgeir H. Langeland (SV)

Spørsmål

Hallgeir H. Langeland (SV): Avisene i Rogaland skriver om elendig postdistribusjon og forsinket postgang. Det hevdes også at reklame av kommersielle grunner prioriteres foran folks post. Jeg har mottatt lignende bekymringsmeldinger fra andre deler av landet. Posten er viktig del av Norges infrastruktur.
Hva vil samferdselsministeren gjøre for å heve kvalitet og service på distribusjon av post i Norge?

Begrunnelse

I Rogaland rapporterer media at det er store problemer med forsinkelser i postgangen. Det hevdes også at Posten prioriterer reklame foran folks post. Stavanger Aftenblad var i kontakt med flere som hadde opplevd å ikke få post på dagevis. Lite tyder på at dette er unikt, men at folk over hele landet opplever svekket kvalitet i postgang. Også bedrifter som er avhengig av rask postgang rammes. Laboratoriebedriften MoLab er et eksempel på virksomheter som er rammet på grunn av økning i forsinkelser og treg postgang.
Posten Norge AS rapporterer også selv at leveringskvalitet for A-post er redusert i 2006, og den var særlig lav i fjerde kvartal. I 2006 var 82,4 pst. av A-posten fremme over natt, mot 86,7 pst. i 2005. I 4. kvartal er resultatet 74,4 pst. mot 82,4 pst. i fjor.
Samtidig er Posten et svært solid foretak med et beregnet resultat før skatt på 1,2 mrd. kr. Posten er en del av Norges infrastruktur. Innbyggerne forventer høyere kvalitet og service enn hva Posten Norge har stått for den siste tida.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Samferdselsdepartementet er kjent med at Posten i seinare tid har hatt store problem med postframføringa, med sviktande kvalitet og med kapasiteten i postomdelinga. Kvalitetsproblema heng serleg saman med innkøyring for ny leverandør av flytransport, maskinproblem i Oslo på grunn av utsett bygging av ny brevpostterminal, og bemanningsproblem i storbyområda i ein sers stram arbeidsmarknad.

For å løyse problema med postleveringa, har Posten sett i verk ei rekkje betringstiltak. Dette er mellom anna prosessforbetring, ekstra transportkapasitet, raskare utskiftingstakt for sorteringsmaskinar, ekstra bemanning, rekrutterings- og opplæringstiltak, som etablering av eit eiga rekrutterings- og opplæringssenter, og etablering av eit sentralt operasjonssenter for tett oppfølging av heile produksjonskjeden. Det dreier seg om både kortsiktige og langsiktige tiltak. Posten brukar store ressursar på å auke leveringskvaliteten, og ser ei gradvis forbetring etter kvart som tiltaka gir effekt. Likevel tek det tid å få stabilitet og full verknad av alle tiltaka.

Posten har fortalt at bemanningsproblema har råka postomdelinga i Stavanger særleg sterkt. I fleire bydelar har mangel på postbod gjort at det mange dagar ikkje har vore mogeleg å omdele post i alle rutetrasear. I tillegg til generelle bemanningstiltak, vert det arbeidd i Stavanger og andre stader med å rekruttere fleire postbod, og leggje betre til rette for at postbodpersonalet blir i stillingane.

Prioriteringa av post skjer ifølgje Posten i rekkefølgja A-post, B-post og reklame. Det er ikkje gitt føringar i Posten om å prioritere reklame framom annan brevpost. Når det har kome påstandar i media om at Posten prioriterer reklame framom A-post og B-post, kjem det ifølgje Posten frå ei mistyding av informasjon som vart gitt på eit personalmøte ved ei distribusjonseining i Stavanger. Der vart det sagt at på dagar med færre folk på jobb, men med ekstra store postmengder, kan det vere naudsynt å gjennomføre postomdelinga før all post er sortert ferdig. På det viset unngår ein at all posten vert forseinka. Uadressert reklame treng ikkje å handsamast på førehand av boda, og kan derfor takast med på omdelmgsturen same dagen.

Representanten Langeland har i grunngjevinga vist til laboratoriebedrifta Molab som eit døme på ei verksemd som vert råka av forseinka postframføring. I den kontakten Samferdselsdepartementet har hatt med Molab, kom det fram at det galdt Postens produkt "Bedriftspakke Dør-Dør". Dette er ei teneste som ikkje vert dekka av krava i konsesjonen, og heller ikkje er regulert i postlovgivinga når det gjeld framsendingstid. Eg er sjølvsagt oppteken av at også andre tenester enn dei leveringspliktige skal halde høg og lova kvalitet, og ventar at Posten snarast gjer det.