Skriftlig spørsmål fra Gjermund Hagesæter (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:879 (2006-2007)
Innlevert: 11.04.2007
Sendt: 12.04.2007
Rette vedkommende: Arbeids- og inkluderingsministeren
Besvart: 20.04.2007 av arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen

Gjermund Hagesæter (FrP)

Spørsmål

Gjermund Hagesæter (FrP): Avisa BA den 3. 4. og 11. april, samt avisa Nordhordland den 11. april, har begge hatt oppslag om ein stråleskadd person som for å koma seg på trening er avhengig av ny bil med automatgir, men som ikkje får offentleg støtte til dette. Grunngjevinga for avslaget er at han eig bil privat som er under 11 år gamal. Problemet for han er at denne bilen har manuell gir og er derfor ein bil han ikkje kan køyra sjølv.
Er dette riktig fortolking eller må regelverket endrast for at han skal få offentleg støtte til ny bil?

Begrunnelse

Personen som er omtalt er heilt avhengig av regelmessig trening for at helsetilstanden ikkje skal bli forverra. Det er leit å måtte konstatere at ein person som er positiv og motivert for å trene seg opp også må kjempe mot regelverk / byråkrati i tillegg til sin eigen sjukdom. Det er derfor vanskeleg å forstå at samfunnet kan vere tent med eit slikt regelverk eller ei slik praktisering av regelverket. Dersom denne personen ikkje får hjelp til sjølvhjelp vil helsetilstanden truleg bli forverra, noko korkje han eller samfunnet er tent med. Dette er heller ikkje noko eineståande eksempel då eg har fått informasjon om fleire liknande tilfeller. Det er no starta ein privat innsamlingsaksjon for å skaffe pengar til ny bil til denne personen. At lokale krefter tar initiativ til slik innsamling er sjølvsagt prisverdig, men dette burde etter mi oppfatning heilt klart vere eit offentleg ansvar. På bakgrunn av dette ber eg statsråden ta initiativ slik at desse reglane enten blir endra eller at praktiseringa av reglane blir mindre stivbeint.

Bjarne Håkon Hanssen (A)

Svar

Bjarne Håkon Hanssen: Vilkåra for rett til stønad til bil etter folketrygda går fram av føresegn om motorkøyretøy eller anna transportmiddel. Søker må fylle dei generelle vilkåra for stønad til betring av funksjonsevna etter folketrygdlova, samt ha eit reelt og monaleg behov for transport. Han eller ho må grunna varige vanskar med forflytting vere avhengig av å bruke eiga køyretøy i samband med reise til og frå arbeid eller opplæring, utføre sin funksjon med arbeid heime, forhindre eller bryte eit isolert tilvere eller avlaste familien sin.
Ein kan få stønad til såkalla gruppe 1 eller gruppe 2-bilar. Med gruppe 1 meiner ein ordinære personbilar, mens gruppe 2 omfattar spesielt tilpassa kassebiler. Det gis stønad til gruppe 2-bil til personar som ikkje er i stand til å kome seg inn og ut av bilen på eiga hand, utan å bruke heis eller rampe.
Når det gjeld attkjøp, er det dei same reglane som gjeld for både trygdebilar og privatfinansierte bilar. Dersom ein eig ein privat finansiert bil, må bilen vere 11 år gamal for at ein skal kunne få stønad til trygdebil. Dette er mellom anna grunna med at ein ynskjer å likestille dei som har privatfinansiert bil med dei som har trygdebil. Dersom ein allereie har ein bil, kan transportbehovet dekkjast på annan måte enn gjennom stønad frå folketrygda.
Det kan gjevast stønad til attkjøp sjølv om kravet om brukstid ikkje er oppfylt dersom dette er nødvendig grunna endringar i den funksjonshemma sin helsetilstand. For å fråvike vilkåret om brukstid, må ein likevel fylle vilkåra for stønad til såkalla gruppe 2-bil. Regelverket opnar i denne samanhengen ikkje for utøving av skjønn. Mindre endringar i helsetilstanden vil ofte kunne bøtast på gjennom spesialtilpassingar på bilen. Etter føresegn om bil § 11, kan personar som ikkje kan nytte køyretøy utan installasjon av spesialutstyr eller tilpassingar få tilskot til full dekning av nødvendige utgifter til dette utan økonomisk prøving. Døme på dette kan vere køyreteknisk utstyr slik om miniratt, handbetjent gass og brems eller elektrisk handbrekk. Utstyr som kan bli levert som standard utstyr frå fabrikk, slik som automatgir, er unnateke. Slikt utstyr blir vurdert som så vanleg at det ikkje blir definert som spesialutstyr eller som eit hjelpemiddel. Det er såleis ikkje mogleg å få stønad til å installere automatgir på privatfinansierte bilar.
I dette aktuelle tilfellet må difor vedkommande sjølv skaffe seg ein bil med automatgir. Eg oppmodar likevel vedkommande om å ta kontakt med hjelpemiddelsentralen, slik at han får klarlagt sine noverande rettar, og får råd og vegleiing i høve til korleis han bør tilpasse seg over tid for å komme inn under regelverket.
Vi har nyleg sett i verk ei stor reform innan arbeid, velferd og inkludering. Hjelpemiddelområdet, som er stort og komplisert, har ikkje vore ein vesentleg del av denne reforma. Eg ser at det kan vere eit behov for ein overordna gjennomgang av området for å sjå på regelverket og forvaltninga av det, med fokus på brukarperspektivet.
Eg har forståing for at personen denne saken gjeld opplever situasjonen som vanskeleg og frustrerande. Ei endring av regelverket vil likevel få budsjettmessige konsekvensar, og har førebels ikkje vorte prioritert.