May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Det norske bergingsfartøyet "Olympic Hercules" ville slepe "Bourbon Dolphin" til grunnare vatn, men vart nekta dette. Dei låg fleire dagar "stand by" ved havaristen.
Kva vil Regjeringa gjere for å hindre at ein kjem i ein liknande situasjon seinare, der skip vert nekta å løyse ein vanskeleg situasjon, og vil Regjeringa bidra til å få heva det sunkne fartøyet "Bourbon Dolphin", slik at økonomien ikkje hindrar dette?
Begrunnelse
Det har vore mange spekulasjonar om kva som gikk galt då skipet "Bourbon Dolphin", utanfor Shetland, tippa rundt og åtte av eit mannskap på 15 omkom. Det er difor positivt at Regjeringa vil sette ned ein uavhengig granskingskommisjon, for å forsøke å finne årsaka til at skipet kantra.
Det norske bergingsfartøyet "Olympic Hercules" måtte sleppe kjettingen på "Bourbon Dolphin" da skipet begynte å synke og forsvann på 1 100 meters djup utanfor Shetlandsøyane. Skipperen på "Olympic Hercules" ville slepe "Bourbon Dolphin" til grunnare vatn, men var nekta dette, har reiar Stig Remøy i Olympic Shipping uttalt til NRK. Olympic Shipping låg "stand by" ved havaristen i fleire dagar. Slepet skulle starte søndag ettermiddag, men det nederlandske bergingsselskapet Smit ønskte å bytte både slepebåt og mannskap før slepet starta. Det norske bergingsfartøyet kunne altså ha slept det kantra fartøyet forsiktig inn til grunnare farvatn for å forsøke å ta ut dei fem sakna som kan vere om bord. Korleis ein kan hindre at slike situasjonar skjer i framtida er viktig å få fram, og om det internasjonale samarbeidet er godt nok.
Forliset er tragisk, det er viktig for dei som har mista sine kjære å ha ei grav og gå til, og finne ut av årsaka til forliset. Ekspertar meiner det er fullt mulig å heve det sunkne fartøyet frå 1 100 meter djup, men at det vil koste betydelege summar, eg håper at Regjeringa vil bidra til at skipet vert heva, slik at ikkje økonomien hindrar dette.