Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): I år er det 40 år sidan den såkalla seksdagars-krigen i Midtausten. Ein norsk sanitetstropp, i FN-teneste, var like innpå krigshandlingane den gongen.
Vil statsråden syta for at det i år vert ei markering for desse nordmennene som var ute i fredsteneste, og som fekk dramatiske krigshandlingar like inn på livet?
Begrunnelse
I 1967 var m.a. ein norsk sanitetstropp ute i FN-teneste i Midtausten. Under den såkalla seksdagarskrigen kom desse unge nordmennene like innpå dei svært dramatiske krigshendingane.
Dette sette sterke spor i unge sinn. No er dei fleste som opplevde dette pensjonistar, men enno lever hendingane klårt i minnet. Ei markering av at det no har gått 40 år sidan dette hende vil vera ein god og rettmessig honnør til desse veteranane. Ei slik markering må helst vera kombinert med ei reise til staden der dette hende. Dette vil også vera med på å understreka Noreg si rolle som fredsnasjon.