Skriftlig spørsmål fra Lodve Solholm (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:963 (2006-2007)
Innlevert: 25.04.2007
Sendt: 25.04.2007
Besvart: 02.05.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Lodve Solholm (FrP)

Spørsmål

Lodve Solholm (FrP): Økomisk tilskot frå Fiskeri- og kystdepartementet til fjerning av kvalspekklager kan øydelegge vidare utvikling av marknaden for kvalspekk, og det kan i praksis vere diskriminerande pristilskot til einskilde kjøparar av kvalkjøtt på førstehand.
Korleis vil statsråden syte for at tilskotet ikkje fører til øydeleggjande konkurransevridande konsekvensar for kvalnæringa?

Begrunnelse

Under tingingane om minsteprisar for kvalkjøt skal den dominerande kjøparen av kvalkjøtt på førstehand ha formidla at dei ikkje ville kjøpe kjøt i år om ikkje økonomiske ressursar vart stilt til disposisjon for fjerning av kvalspekklager. Norges Råfisklag og Fiskeri- og kystdepartementet vart deretter samde om eit spleislag for å løyve ein million kroner til dette føremålet. Etter denne avgjerda vart minsteprisane for kvalkjøtt fastsette.
Det er uklårt korleis tilskotet skal brukast. Dersom tilskotet er avgrensa til reelle, framtidige kostnader med destruksjon av spekket, kan dei negative, konkurransevridande konsekvensane avgrensast. Dersom tilskotet derimot fører til at særs billig eller endog gratis kvalsspekk kjem på marknaden, vil marknaden vert oversvømt, noko som vil føre til særs negative konsekvensar for vidare utvikling av ein marginal marknad.
I fall tilskotet også skal dekkje allereie påløpte kostnader, kan tilskotet i praksis vere konkurransevridande subsidiering av einskilde aktørar. Det vil kunne vere eit selektivt pristilskot i og med at einskilde aktørar då vil kunne kjøpe kvalkjøtt til ein i praksis lågare pris enn andre kjøparar. Einskilde kjøparar vil også kunne selge kvalkjøtt vidare for ein lågare pris enn konkurrentane. Tilskotet frå departementet og Norges Råfiskelag vil då utgjere skilnaden.
Ein konsekvens kan vere at andre kjøparar tek imot mindre kjøt enn det som ville vore tilfellet under ellers like rammevilkår. Det vil kunne føre til mindre konkurranse i dei vidare marknadsledda, og vil såleis også kunne ramme forbrukarane. Dermed kan det totale volum omsatt kjøt faktisk verte mindre med dette tilskotet.
Ein lyt gjere merksam på at spekket var innkjøpt friviljug til låg pris med tanke på vidaresal til god forteneste. Det er tillatt å spekulere, men då må ein også ta risikoen. Kvalnæringa fortjener merksemd frå styresmaktene for å betre marknaden for og verdiskapinga av kvalprodukt. Samstundes må tiltak frå styremaktene fremme ei sunn utvikling og skape stabile, forutsigbare rammevilkår, og ikkje vere konkurransevridande og destruktive slik omtalte tilskot kan vere.

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Det har i fleire år vist seg vanskeleg å komme i gang med eksport av kvalspekk, eller bruk av kvalolje som helsetilskot eller i medisinsk samanheng. Det vert primært arbeidd for å få til eksport av spekk til Japan, men dette er eit langsiktig arbeid. Det har fleire gonger, og seinast i 2002 under den førre regjeringa, vore gitt tilskot til destruksjon av spekk som har lege på lager i lang tid. Siste gong vart det gitt 4 mill. kr til destruksjon av omkring 900 tonn spekk frå åra 1996-2001. Satsen pr. kg spekk var 6 kr.

Etter innspel frå kjøparane representerte ved Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL) og Norges Råfisklag, har Fiskeri- og kystdepartementet i år sett av 500 000 kr for å fjerne lagra av kvalspekk frå dei siste års kvalfangst. FHL meiner at det dreiar seg om ca. 300 tonn spekk, og det er mogleg for alle godkjende førstehandkjøparar å søkje om tilskot. Støtta frå Fiskeri- og kystdepartementet vil utgjere om lag 1,66 kr pr. kg spekk ut frå FHL si kvantumsvurdering. Utbetalingane skal basere seg på dokumenterte utgifter knytt til gjennomføringa av det opplegget som Norges Råfisklag utformar og Fiskeri- og kystdepartementet godkjenner. Kjøparane må ved ei slik ordning rekne med å dekkje deira del av kostnadane med å få tømt lagra.

Det var i år viktig å få til ei løysning som næringa ville gå med på. I og med at alle godkjende kjøparar på lik linje kan søkje om tilskot og må rekne med sjølve å medverke til å få tømt lagra, kan eg ikkje sjå at dette tilskotet får øydeleggjande konkurransevridande konsekvensar for næringa.