Skriftlig spørsmål fra Petter Løvik (H) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:1059 (2006-2007)
Innlevert: 16.05.2007
Sendt: 18.05.2007
Besvart: 25.05.2007 av fiskeri- og kystminister Helga Pedersen

Petter Løvik (H)

Spørsmål

Petter Løvik (H): På kort varsel vedtok Regjeringa i fjor å setje ei grense på kor mange kilo fisk turistar kan ta ut av landet. Grensa på 15 kg vekte sterke reaksjonar i reiselivsverksemdene langs kysten og hos turistfiskarar. Oppslag i Dagens Næringsliv 16. mai viser til ein kraftig nedgang i omsetninga for ei rekkje verksemder sidan grensa vart innført.
Vil statsråden foreta ein konsekvensutgreiing både for det ordinære fiskeriet og for reiselivsnæringa med tanke på å auke eller fjerne grensa?

Begrunnelse

Det er grunn til å slå hardt ned på dei turistfiskarane som driv rovdrift og tar hundrevis av kilo fisk ut av landet, men dei er i fåtal. Dei nye reglane med ei 15 kg grense rammar også mange andre turistar. Fisketuristane legg igjen svært mange kroner for kvar kilo fisk dei tar med.
Vi er i gang med andre sesongen med desse reglane, og signala som kjem inn viser at dei nye grensene ser ut til å føre til nedgang i turismen. Det er då grunn til å spørje om kva vi veit så langt om andre virkningar. Har fleire blitt stoppa? Blir reglane handheva? Følger turistane regelverket? Kva positive merknader har regelverket som kan forsvare dei negative virkningane for reiselivet?

Helga Pedersen (A)

Svar

Helga Pedersen: Mitt utgangspunkt er at turistfiske må vere basert på opplevingane som naturen og aktiviteten gir. At dei bedriftene som har marknadsført seg med fokus på kvantum no merkar ein nedgang, er verken uventa eller urimeleg. Kvota for utførsle vart innført som eit tiltak for å bremse turistfiske orientert mot kvantum.
Fisketurisme er ein viktig del av reiselivet, og skapar både sysselsetting og verdiar langs kysten. Det er likevel viktig at haustinga av fiskeressursane skjer innanfor ansvarlege rammer. Vi må ta vårt ansvar for forvaltinga av ressursane på alvor, og så lenge vi ikkje har gode data, er det særskilt viktig at vi er varsame med haustinga. Grensa på 15 kg er no etablert, og dette nivået må både gjestar og fisketurismebedriftene innrette seg etter. Omsynet til ei berekraftig forvalting av fiskeressursane gjer at strenge reguleringar av uttaket er heilt naudsynt.
Det er satt i gang omfattande undersøkingar av fisketurismen sitt omfang og effektar, både med omsyn til ressurssituasjonen og verdiskapinga. Når resultata er klare, vil dei forhåpentlegvis gi oss eit godt grunnlag for ei eventuell annleis regulering av turistfisket. I den samanhengen kan det òg vere aktuelt å gjennomføre ei brei utgreiing av korleis kvota har virka.
Dei tala vi har nytta, viser at utanlandske turistar som fiskar i Noreg i gjennomsnitt tek med seg langt mindre enn 15 kg fisk heim. Eg vil samstundes understreke at det utanom kvota kan bringast med ein troféfisk ut av landet, og dette er viktig for mange ivrige sportsfiskarar. Ein bør òg hugse på at 15 kg fiskefilet svarar til om lag 50 kg rund fisk, og rekk til 60 middagar for ein person. Til samanlikning åt kvar nordmann i snitt rundt 8,4 kg filet av marin fisk i 2005. Tilsvarande kvantum i Tyskland, som er blant dei viktigaste marknadene for fisketurisme, er under 7 kg.
Eg vil like fullt lytte til dei standpunkt og bodskap som næringa har, og vonar vi kan føre ein konstruktiv dialog om korleis fisketurismen bør utvikle seg i åra framover.