Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:1086 (2006-2007)
Innlevert: 24.05.2007
Sendt: 24.05.2007
Besvart: 01.06.2007 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF) har sendt ut konkurransegrunnlag for eit nybygg på 5 500 kvm. Formål: samlokalisere statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar, som i dag leiger lokalar kvar for seg, og der dei besøkjande til desse kontora har lite med kvarandre å gjere. Konsekvensane er ein sannsynleg auke av husleige for desse etatane på opp mot 3,5 mill. kr pr. år, og at det vert ståande mykje tomme lokalar i Førde.
Synes statsråden at dette er fornuftig bruk av skattepengar?

Begrunnelse

Det er utsendt konkurransegrunnlag frå det som vert kalla Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF), der tilbydarane kan melde seg på i kampen om å tilby egna lokalar til statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar, som i dag leiger lokalar i Førde. Plana er å føre opp eit nybygg på 5 500 kvm, der Lotteri- og stiftelsestilsynet vil verte største leigetakaren, med ca. 1 650 kvm.
Det er i dag i overkant av 15 000 kvm ledige kontorlokalar i Førde sentrum, fordelt på fleire utleigarar. Det manglar difor ikkje på konkurranse på utleigemarkedet av kontorlokalar i Førde. Fleire er i dag i ein situasjon der dei må leige ut til ein svært låg pris. Dette har resultert i at m.a. Lotteri- og stiftelsestilsynet har motteke tilbod om ny husleigeavtale frå noverande utleigar, som åleine vil kunne medføre lågare leigepris på over 1 mill. kr pr. år i motsetning til å flytte til nybygg for SEIF. Kultur- og kyrkjedepartementet har kopi av dette tilbodet.
Ifølge konkurransegrunnlaget frå SEIF er formålet å få til felles lokalisering/samlokalisering for dei ulike etatane, som i dag held til i forskjellige bygg i Førde sentrum.
Deltakarane, ifølge utsendte konkurransegrunnlag, er oppgitt som følgjande: Lotteri- og stiftelsestilsynet, Norges vassdrags- og energidirektorat Region Vest, Sunnfjord likningskontor, Førde trygdekontor/Aetat Førde, Sunnfjord og Ytre Sogn Jordskifterett, Buf-etat (Fagteam og Fosterheimtenesta, Buf-etat (Familiekontoret), Arbeidstilsynet Vestlandet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune - kulturavdeling.
I kor stor grad folk har behov for å besøkje fleire av desse etatane samtidig, er det stor grunn til å stille spørsmålsteikn ved. Det er i dag svært kort avstand mellom etatane som det her er snakk om å samlokalisere, der det tek få minutt å gå mellom desse.
Kultur- og kyrkjedepartementet har bekrefta pr. telefon at departementet har motteke kopi av noverande utleigar til Lotteri- og stiftelsestilsynet sitt tilbod, datert 22. desember 2006, om ny husleigeavtale med Lotteri- og stiftelsestilsynet og kopi av referat frå møte den 14. desember 2006 mellom Lotteri- og stiftelsestilsynet og utleigar.
I referatet går det fram at utleigar kan vere like arealeffektive som nybygg, og at romplana kan endrast til same romplan som var førespurd i SEIF-prosjektet.
Med dagens låge utleigeprisar på eksisterande kontorlokalar i Førde er det vanskeleg å tene pengar på utleige, noko som vil verte endå vanskelegare med eit nybygg på 5 500 kvm. I dette tilfelle vil det vere det offentlege som forkludrar eigedomsmarkedet i Førde. Ein vil kunne verte skulda for å nytte offentlege skattebetalarar sine pengar til å øydeleggje for privat initiativ i Førde. Med dagens byggeprisar er det lite sannsynleg at ein vil kunne oppnå billigare husleige i eit nybygg, tvert imot.
Ei konsekvensutgreiing før nybygg vert iverksett ville gje svar på korleis situasjonen på utleigemarkedet i Førde er i dag, og korleis situasjonen vil verte etter ei oppføring av nybygg på 5 500 kvm.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Eg ser positivt på Lotteri- og stiftelsestilsynets si deltaking i prosjektet "Samlokaliserte etatar i Førde" som omfattar statlege og fylkeskommunale etatar som i dag held til i ulike bygg i Førde. Dette vil gi ein samling av mellom 100 og 200 tilsette i offentlege funksjonar på ein plass. Per i dag har fire etatar vedteke å bli med i prosjektet, medan tre til fire framleis vurderer om ein skal vere med. Lotteri- og stiftelsestilsynet er den største etaten målt i tilsette.

Når det gjeld dei økonomiske vurderingane og bruken av offentlige midlar vil eg understreke at kvar einskild etat må gjere si eiga kost/nyttevurdering i dialog med overordna nivå. Eg kan difor berre svare for Lotteri- og stiftelsestilsynet sine vurderingar. Der viser dei økonomiske reknestykka etter gjennomført anbodsrunde at ein vil kome ut på om lag same nivå som det ein betaler i noverande leigeavtale. Det er difor vanskeleg for meg å sjå korleis samlokaliseringsprosjektet skal gi ein samla auke i husleige på 3,5 mill. kr, slik det er opplyst i spørsmålet.

Når det gjeld husleiga til Lotteri- og stiftelsestilsynet, har rett nok huseigaren til tilsynets noverande lokalar kome med eit tilbod om lågare leigepris enn i dag ved fornying av eksisterande avtale. Tilbodet om ny leigepris kom etter at anbodsrunden for fellesbygg var i gong, og må etter vurderinga til Lotteri- og stiftelsestilsynet verte sett som eit ledd i huseigaren sitt arbeid for å hindre framvekst av nye, konkurrerande næringsbygg i Førde.

Så langt eg kjenner Førde er det god aktivitet og utvikling innan handel og service i denne byen i dag. Eg trur den relativt avgrensa samlokaliseringa av offentlege etatar det her er tale om vil være eitt av fleire positive initiativ i Førde. Dei offentlege etatane som er med i prosjektet, ser også samlokaliseringa som eit høve til å vere med på å påverke utsjånaden på bygningsmassen i Førde i positiv retning, då det ved utforminga er stilt høge krav til arkitekturen til bygget. Som kulturminister synes eg slike omsyn er viktige ved utviklinga av norske bysentra.

Eg viser elles til fornyings- og administrasjonsministerens svar 9. februar 2007 på spørsmål nr 532 frå stortingsrepresentant Starheim om same tema.