Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til justisministeren

Dokument nr. 15:1120 (2006-2007)
Innlevert: 30.05.2007
Sendt: 31.05.2007
Besvart: 11.06.2007 av justisminister Knut Storberget

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Stortinget har vedteke oppretting av sivil helikopterredningsteneste i Florø, utan at vedtaket er gjennomført. Departementet sendte 25. april 2007 ut brev og opplyste at tre selskap er prekvalifisert, men at den vidare prosessen med anbodsutlysing er no til vurdering mot utførsel i egenregi. Utførsel i egenregi er brot med stortingsvedtak. Sidan 25. april 2007 har saka stått stille.
Vil statsråden syte for at det vert snarleg framdrift i saka i tråd med vedtak i Stortinget om sivil helikopterredningsteneste i Florø?

Knut Storberget (A)

Svar

Knut Storberget: I Innst. S. nr. 156 går fleirtalet inn for sivil base sidan Forsvaret på den tid ikkje hadde kapasitet. Føresetnadane har av fleire årsaker endra seg og Forsvaret seier nå dei har kapasitet. Regjeringa har konsentrert seg om ei samla tilnærming til redningstenesta og lagt vekt på å utvikle redningstenesta slik at den totalt sett har best mogleg beredskap i heile landet. Regjeringa har derfor kome fram til at Forsvaret skal driva redningshelikopterbasen i Florø som eit detasjement med oppstart 1. januar 2009.

Basen skal ha 100 % beredskap og tilstadevakt med lege i tråd med det Stortinget har vedteke. I tillegg er arbeidet med å skaffe nye redningshelikopter satt i gang og Florø vil være blant dei første basane med nye helikopter når leveransane er klare. Regjeringa har også fått på plass døgnkontinuerleg tilstadevakt på basen i Banak frå 1. juli 2006, og i Bodø vil det bli frå 1. oktober 2007.