Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1201 (2006-2007)
Innlevert: 12.06.2007
Sendt: 12.06.2007
Besvart: 18.06.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Helse Førde stenger fødeavdelinga i Lærdal i sommar, og skuldar på ferieavvikling og økonomi. Helseministeren har i pressemelding sagt at ho ikkje aksepterar stenging av fødeavdelingar med økonomi som grunngjeving.
Kva vil statsråden gjere for at fødeavdelinga i Lærdal ikkje vert stengt i sommar?

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Eg er oppteken av at gravide og fødande får ein heilskapleg og fagleg forsvarleg tilbod.
Graviditet og fødsel er ei sårbar tid for mor og barn, og i eit land som vårt vil vi vente at det er gode og forsvarlege tilbod på plass året rundt. Det er dei regionale helseføretaka si oppgåve å innrette og levere gode helsetenester også på dette området.
Det skal sjølvsagt avviklast ferie også ved fødetilboda, men det skal ikkje vere økonomi åleine som skal vere årsak til feriestenging. Eg har teke kontakt med dei aktuelle regionale helseføretaka for å be dei vurdere om det er råd å unngå, eller å avgrense sommarstengde fødetilbod ved sjukehusa. Samtidig er eg kjend med at det kan innebere store utfordringar å skaffe kompetent bemanning som kan gi eit fagleg forsvarleg tilbod. I periodar med sommerstenging må det vere på plass ordningar med transport og ev. følgetjeneste, og ikkje minst må det vere sikra informasjon til den enkelte kvinna som skal føde i det aktuelle tidsrommet.
Eg er kjend med at ein i Helse Vest gjer nye vurderingar knytt til sommarstenging av fødetilbodet i Lærdal, og at dei arbeider med å kvalitetssikre opplegg og informasjon til den enkelte som skal føde. Ifølgje Helse Vest er drift av den forsterka fødestova i Lærdal avhengig av erfarne jordmødre og personell i vaktberedskap for å kunne gjere naudkeisarsnitt. Dette gir særlege utfordringar knytt til å rekruttere vikarar på dette tidspunktet av året. Helse Vest RHF informerer om at det blir vurdert om perioden med stengt fødestove kan reduserast sjølv om ferieavviklinga er nær føreståande.
Eg har starta eit arbeid med å lage ein heilskapleg plan for svangerskap, fødsel og barsel. I dette arbeidet, som skal sikre dei gravide og fødande i landet eit heilskapleg tilbod av god kvalitet, vil eg også ta inn korleis vi kan arbeide for å sikre kontinuerlege tilbod også om sommaren.