Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:1274 (2006-2007)
Innlevert: 20.06.2007
Sendt: 21.06.2007
Besvart: 29.06.2007 av helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Grunnlaget for ei god helse blir lagt i barndommen. Storparten av norske barn et for mykje sukker. Det er godt dokumentert at høgt sukkerinntak er helseskadeleg. Mange barn tilbringer store deler av førskulealderen i ein barnehage og har fleire måltid om dagen der. Det er mykje å gå på før kosthaldet i norske barnehagar blir helsefremjande.
Vil statsråden sette i gong ei utredning om tiltak for å gjere barnehagane til sukkerfri sone?

Begrunnelse

Sukker er helseskadeleg

Eit høgt sukkerinntak, som ni av ti norske ungar har, gir auka risiko for å utvikle mellom anna:
- diabetes II
- hjarte- og karsjukdommar
- ulike former for kreft
- åtferdsvanskar og psykiske lidingar (forsterkande effekt)

Sosial sukkerforureining

For høgt inntak av sukker forårsakar eit høgt og vekslande blodsukkernivå som gjer ungane urolege og i verste fall aggressive. I barnehagar der mange barn er samla, bidrar unødvendig forbruk av sukker til større støyforureining og over tid eit dårlegare sosialt miljø for ungane.

Barnehagane bør bli sukkerfri sone

Mange barn tilbringer store delar av førskulealderen i barnehage. I nokre barnehagar er det gjort mykje for å redusera sukkerinntaket, men i dei fleste er det mykje å gå på før kosthaldet blir helsefremjande. Utallige bursdagsfeiringar, kosedagar og smøremåltid der menyen ikkje er samansett for å unngå sukker og raffinerte kornprodukt, gjer at forbetringspotensialet er stort.

Staten kan stille med gulrøter til kommunane

Barnehagedrift er og skal vera eit kommunalt ansvarsområde. Mange barn får fleire måltid om dagen i barnehagen. Kommunane sit med nøkkelen til å betre kosthaldet både for førskulebarn og barn i grunnskolen. Staten bør stille med økonomiske midlar til kommunar som vil gjennomføre tiltak for eit betre kosthald, og i mange kommunar vil barnehagen vera ein naturleg plass å starte. For å skaffe midlar til slike tiltak kan staten auke sukkeravgifta med til dømes 15%.

Aktuelle lokale tiltak kan vera:
- alternative bursdagsfeiringar i barnehagane
- opplysningskampanjar overfor foreldre som til dømes helsestasjonane kan stå for
- kursing om eit balansert kosthald til barnehagepersonell og andre som arbeider med barn og unge
- utarbeiding av balanserte og sunne menyar til smøremåltid og andre måltid som barnehagen stiller med
- frukt og grønt i barnehagen
- kjøkkenhagar i uteområdet.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Eg er glad for at representanten Klinge tek opp temaet om mat og måltid i barnehagen. Tidlegare var dette med mat og måltid i skule, barnehage og på arbeidsplassen lite legitimt å drøfte bortsett frå i familien og i lag og foreiningar som er opptekne av helsa til barn og unge. Det ser no ut til å vere ei oppfatning i styringsorgan på alle nivå at det må gjerast ein samla innsats for å få til endringar i kostvanane som på sikt kan medverke til å bremse den utviklinga vi ser med aukande førekomst av m.a. overvekt og diabetes type 2, i tillegg til å ta vare på tannhelsa.
Per i dag ser eg ikkje noko behov for ei utgreiing om tiltak som skal gjere barnehagar til sukkerfrie soner. Dette fordi det no skjer mykje på området, m.a. som oppfølging av at handlingsplanen for betre kosthald i landet 2007-2011 vart lagd fram i januar i år. I handlingsplanen som regjeringa har slutta seg til, og som tolv departement står bak, er barn og unge ei viktig målgruppe. Måltid i skule og barnehage er eitt av ti innsatsområde i planen. Det finst også tiltak på andre innsatsområde som kan vere med på å betre kostvanane til barnehagebarn.
Når vi no nærmar oss full barnehagedekning, er dette ein arena der vi når svært mange barn og føresette. Eit sunt og godt mat- og måltidstilbod her vil og ha mykje å seie i arbeidet for å redusere sosiale ulikskapar i kosthaldet. Eg er, som representanten Klinge, oppteken av at barn skal ha eit godt tilbod same kvar dei bur, og ser at det kan vere til dels store variasjonar når det gjeld mat- og måltidstilbod. Gjennom kanalane våre regionalt og lokalt innan folkehelsearbeidet vil eg medverke til at positive tiltak og lærdommar kjem andre til gode. Eg ser mellom anna at det er mange barnehagar rundt om i landet som har fokus på kosthaldet, og i samarbeid med føresette på eige initiativ innfører ein såkalla "sukkerfri" barnehage.
Representanten Klinge hevdar at det er mykje å gå på før kosthaldet i norske barnehagar blir helsefremmande. Til det kan eg seie at Sosial- og helsedirektoratet i 2005 gjennomførte ei kartlegging av mat- og måltidstilbodet i norske barnehagar. Svara baserer seg på tal frå i alt 2 300 barnehagar. Resultata synte at barnehagane er opptekne av å ha eit bra mat- og måltidstilbod, at barna har høve til å ete til faste måltid, at det blir sett av god tid til måltida, at tilbodet av mat og drikke på mange måtar er tilfredsstillande, og at frukt er eit dagleg tilbod i 4 av 5 barnehagar. Jamvel om mykje er bra, er det som representanten er inne på, også klare utfordringar og forbetringspotensial. Det er ønskjeleg at fleire barnehagar tilbyr grovt brød og grønsaker dagleg, og at færre tilbyr heilmjølk dagleg. Det er også ønskjeleg å redusere tilbodet om feit og sukkerrik mat i samband med feiringar og markeringar. Markeringar/feiringar er svært vanlege i barnehagane. Halvparten sa dei hadde slike tilstellingar to-tre gonger per månad, mens 38 pst. opplyste at dette var vanleg éin gong i månaden. Mat og drikke ved slike høve var oftast is, kaker/muffins, mjølk, vatn og saft. Heile 65 pst. opplyste at frukt sjeldan/aldri vart eten ved markeringar/feiringar.
Kartlegginga viser at 9 av 10 barnehagar meiner dei har et stort eller svært stort ansvar for at barna lærer gode kosthaldsvanar. Faktorane som utmerkte seg, var mat- og måltidsarbeid inn i barnehageplanane og i rettleiingsprogram for foreldre og barnehagepersonell. Mange peikte og på behovet for kjøkkenassistent for å sikre eit godt mat- og måltidstilbod til barna i barnehagen. Dette er eit kommunalt ansvar. Vi på vår side vil hjelpe til med verktøy og opplæring.
Av konkrete tiltak på sentralt nivå vil eg peike på dette: Til hausten blir det lagt fram reviderte retningslinjer for mat og måltid i barnehagen. I første omgang blir det gitt ut generelle retningslinjer, dernest ein "pakke" med pedagogisk materiell mynta på barnehagepersonell og føresette. Det blir invitert til fylkesvise samlingar for barnehagepersonell for å informere om retningslinjene. Der vil ein og ha erfaringsutveksling på bakgrunn av at fleire barnehagar har eit bra tilbod, og mange har fokusert spesielt på alternative mattilbod ved markeringar og feiringar, som vist til i innleiinga.
Til hausten vil det og bli arrangert 6 fylkesvise kurs for helsestasjonspersonell, som ledd i satsinga på ammekunnige helsestasjonar. På desse samlingane vil dei nye retningslinjene for mat og måltid i barnehagen bli presenterte, sidan vi ser at helsepersonell er ein viktig lokal samarbeidspartnar for barnehagane. Tannhelsetenesta er og særleg aktiv her, og samarbeider med barnehagar og skular for å setje fokus på vatn som tørstedrikk og sunt kosthald.
Helse- og omsorgsdepartementet har som ei oppfølging av St.meld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge løyvd midlar til fylka for å organisere folkehelsearbeidet i forpliktande partnarskap for folkehelsa. Alle fylka er no inkluderte i ordninga, og målet er at alle kommunar også skal bli det. Det har medverka til samarbeid mellom fylke, kommunar, helseføretak, høgskular, universitet, private aktørar og frivillige organisasjonar. Fleire høgskular tilbyr no etter- og vidareutdanning i næringsrelaterte tema mellom anna for barnehagepersonell, og det skjer også mykje samarbeid lokalt som del av partnarskapsarbeidet for å fremme fysisk aktivitet og gode måltid i barnehagen.
Saman med fiskeri- og kystministeren satsar vi i år på eit eige sjømatprosjekt, som m.a. går ut på at barnehagar i tre-fire fylke får tilbod om å prøve ut pedagogiske opplegg for å fremme bruken av fisk og sjømat. Det inkluderer sjølvsagt også mat- og kosthaldskunnskap og vil involvere både barnehagepersonell og føresette.
Tiltak må setjast i verk på fleire arenaer for at dei skal få best mogleg effekt. Det finst omfattande reklame for mat og drikke retta mot barn. Vi veit at barna er merksame på denne reklamen, set pris på han og blir engasjerte av han, og at reklamen i all hovudsak er for usunne matvarer og drikke. Noreg er ein pådrivar i internasjonalt arbeid på dette området, og WHO har nyleg vedteke at det skal utviklast retningslinjer/tilrådingar for marknadsføring av mat og alkoholfrie drikkevarer til barn og unge. Det skal samarbeidast tett med bransjen for å unngå interessekonfliktar. I Noreg har ulike bransjeaktørar på frivillig basis utarbeidd retningslinjer for marknadsføring av usunn mat overfor barn og unge. Retningslinjene er no på intern høyring i bransjen og skal etter planen signerast i september. Eg vil følgje med på om det skjer endringar som følgje av retningslinjene, eller om det må vurderast å innføre restriksjonar.
Representanten Klinge viser til det kommunale ansvaret på barnehagesektoren og meiner staten bør stille med økonomiske midlar til kommunar som vil gjennomføre tiltak for eit betre kosthald. Dette vil vere ei prioritering som må skje lokalt i kvar kommune og barnehage, men eg håpar sjølvsagt at retningslinjene og verktøyet som no kjem, vil gjere sitt til at dette arbeidet blir prioritert.
Når det gjeld forslaget om å auke sukkeravgifta for å skaffe midlar til kosthaldstiltak, viser eg til utgreiinga som særavgiftsutvalet nyleg overleverte finansministeren, og som no skal drøftast i regjeringa. Eit tiltak i handlingsplanen for betre kosthald er vurdering av økonomiske verkemiddel for å fremme sunne kostvanar. Dette er eit langsiktig arbeid som eg vil følgje nøye med på. Frå og med i år er avgifta på alkoholfrie drikkevarer lagd om slik at drikkevarer med sukker og søtstoff har avgift, mens flaskevatn, juice og liknande er fritekne. Særavgifter til staten er ikkje øyremerkte, men er ei generell inntekt og blir brukt til formål som blir vedtekne i dei årlege budsjettdrøftingane.