Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:1287 (2006-2007)
Innlevert: 21.06.2007
Sendt: 21.06.2007
Besvart: 28.06.2007 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Ungdom har dobla sitt alkoholbruk dei siste 10 åra. Det blir stadig færre alkoholfrie arenaer for barn og unge og stadig vanskelegare å konkurrere med kommersielle aktørar om ungdommen sin gunst. Rusfrie kulturfestivalar lir under trong økonomi. Då er det freistande å fylle opp kassa med pengar frå ølsal.
Vil statsråden vurdere ei støtteordning for rusfrie kulturfestivalar og liknande arrangement for å gje barn og unge rusfrie kulturarenaer?

Begrunnelse

Organisasjonar som gir ungdom positive opplevingar og gode haldningar til rus bør premierast for dette viktige arbeidet. Det er fleire døme på organisasjonar som har mista støtta til det rusfrie arbeidet, og gått over til å selje alkohol for å finansiere tilbodet. Det er vanskeleg økonomisk å skape kulturfestivalar med berre billettinntekter.
Vi ser at mange festivalar og treffpunkt har økonomiske fortrinn ved å gjere seg avhengig av inntekter frå alkohol. Mange rusfrie festivalar går med underskot gang på gang for å gje deltakarane gode kulturopplevingar - i eit rusfritt festivalmiljø. Det same problemet ser ein òg innan idrett, der fleire opnar for servering av økonomiske årsaker. Det er veldig uheldig - ikkje minst for ungdom under 18 år. Det er veldig synd om dei unge mistar eit rusfritt festivaltilbod og står igjen utan eit tilbod i det heile.

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Det er viktig å leggja til rette for at born og unge skal få tilgjenge til eit breitt spekter av gode og profesjonelle kulturtilbod. Dette er noko Regjeringa satsar sterkt på. Frå og med neste skuleår er Den kulturelle skulesekken utvida til også å gjelda elevar i den vidaregåande skule gjennom pilotprosjekt i sju fylke. Prøveordninga med kulturkort for ungdom er også styrkt for inneverande år. Siktemålet med kulturkort er å få ungdom til å nytta seg oftare av kulturtilbod og å rekruttera nye publikummarar. Mange unge får også eit kulturtilbod gjennom fritidsklubbar og frivillige lag.

Statlege tilskot til konsertar og festivalar byggjer på ei vurdering av kunstnarleg innhald og kvalitet.

Det er sjølvsagt at konsert- og musikkfestivalar rettar seg etter føresegna i alkohollova om ikkje å servera alkohol til personar under 18 år. Kultur- og kyrkjedepartementet har tidlegare gjeve tilskot til Norsk Rockeforbund for utgjeving av ein brosjyre om korleis ein kan leggja til rette for festival- og konsertdeltakarar under 18 år. Brosjyren gjev arrangørar konkrete råd om korleis eit kan kombinera eit ungt publikum med eit publikum av vaksne på ein slik måte av både skjenkelovgjevinga vert etterlevd og tryggleiken ivareteken. Her finst det mange gode røynsler. På Quartfestivalen har ein til dømes eit delt publikumsområde med alderskontroll inn til skjenkeområdet. På Øyafestivalen, som har skjenkeløyve som gjeld heile festivalområdet, vert personar under 18 år utstyrde med spesialfarga armband. Mange arrangørar gjev elles ungdommar høve til å sleppa inn dersom dei har med seg verje. Det finst også døme på stader der det er fri aldersgrense og der det ikkje vert servert alkohol. På Rockefeller i Oslo har det dei siste åra vorte arrangert slike konsertar. Norsk Rockeforbund har også gjeve ut ei handbok for tryggleik under konsertar og festivalar.

Det er viktig frå Regjeringa si side at Kulturløftet også kjem born og unge til gode. Denne gruppa lyt heile tida haldast i sentrum for å tryggja at visjonen vår om Noreg som ein leiande kulturnasjon skal vera berekraftig.