Arne Sortevik (FrP): Jeg viser til Innst. S. nr. 217 (2004-2005) vedr. St.meld. nr. 24 (2004-2005) Om erstatningsordninger for barn i barnehjem og spesialskoler for barn med adferdsvansker.
Hva gjør statsråden for å sikre at barnehjemsbarn som har lidd vanskjøtsel under offentlig omsorg i barnehjem - og som går til erstatningsrettslig søksmål mot staten - ikke avvises i rettssystemet med at saken er foreldet?
Begrunnelse
Jeg viser til Innst. S. nr. 217 (2004-2005)
Sitat: "I juni 2003 slo eit granskingsutval fast at det skjedde fysiske og seksuelle overgrep ved barneheimar i Bergen i perioden 1954-1980. Det var svikt både i det kommunale tilsynet og i det statlege overtilsynet. Granskingsutvalet konkluderte med at ansvaret for forholda i hovudsak måtte plasserast hos Bergen kommune som systemansvarleg. Bergen kommune vedtok å etablere ei kommunal rettferdsvederlagsordning med erstatning på opptil 725000 kroner."
I komiteens innstilling heter det: "Komiteen vil understreke at dei tidlegare barneheims- og spesialskulebarna utmerker seg spesielt når det gjeld graden av statleg ansvar, i og med at det her var snakk om barn som det offentlege tok på seg omsorgsansvaret for ved å plassere dei på institusjon. Komiteen meiner dette tilseier at ein gjennom ei tilpassa og utvida rettferdsvederlagsordning for denne gruppa går ut over den øvre grensa på 200.000 kroner som i dag gjeld for Stortinget si rettferdsvederlagsordning, og som òg har vore lagt til grunn i særordningar." Videre heter det: "Komiteen har, etter ei heilskapleg vurdering, likevel komme fram til at ei løysing med individuelle erstatningar vil vere den mest rettvise løysinga. Utmålinga av erstatningsbeløp må baserast på skjønnsvurderingar av kva som er rimeleg i kvart enkelt tilfelle."
Og videre: " Komiteen deler vidare utvalet sitt syn om at det ved alvorlege fysiske og seksuelle overgrep i mindre grad enn i dag bør leggjast vekt på kva for følgjer desse overgrepa har hatt for den enkelte. Dette for å understreke det uakseptable i sjølve det å bli utsett for overgrep når ein som barn var plassert på institusjon av det offentlege. Komiteen vil, som utvalet, peike på at det kan vere vanskeleg å dokumentere omsorgssvikt og fysiske og seksuelle overgrep. Årsakene er mellom anna at arkivmaterialet har vesentlege manglar, dels som følgje av dårlege rutinar, dels fordi det er blitt sletta. Komiteen er derfor samd i at krava til bevis for alvorlege fysiske og seksuelle overgrep må kunne senkast noko, ved at ei eigenerklæring om slike forhold blir tillagd stor vekt. Komiteen finn det rimeleg at krava til bevis blir senka, ikkje berre når det gjeld overgrep, men òg når det gjeld alvorleg omsorgssvikt."
I brev fra Familiedepartementet v/statsråden til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, datert 24. april 2005, som er vedlagt innstillingen; heter det; "Jeg mener for øvrig at det er svært viktig og nødvendig at relevante opplysninger fra institusjonsopphold oppbevares, både med tanke på videre oppfølging av barnet etter institusjonsopphold og med tanke på ettertiden. Dette har også departementet gitt utrykk for overfor Datatilsynet i forbindelse med utarbeidelse av retningslinjene."
Endelig: "Forholdet til den alminnelege erstatningsretten- Komiteen vil understreke at erstatning etter ei tilpassa rettferdsvederlagsordning for tidlegare barneheims- og spesialskulebarn ikkje vil avskjere moglegheiten personar frå denne gruppa har til å gå til erstatningsrettsleg søksmål på bakgrunn av dei same forholda." Etter mitt syn er det et politisk ansvar for statsråden å sikre at tidligere barnehjemsbarn ikke avskjæres muligheten av å gå til erstatningsrettslig søksmål enten pga. påstått foreldelse eller manglende økonomisk evne til å dekke ev. tilkjente saksomkostninger ved et evt. tap i retten. Statsråden må sørge for at Stortingets konklusjoner følges opp.