Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:28 (2007-2008)
Innlevert: 04.10.2007
Sendt: 04.10.2007
Besvart: 15.10.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til sak S. nr. 217, handsama av Stortinget 13. 06. 06 vedr. disp. frå yrkestransportlova for personar over 70 år. I "Komiteens merknader" vert det m.a. vist til: "Dette flertall viser til statsrådens uttalelse om at hun så snart som mulig vil komme tilbake til Stortinget om saken med eventuelle forslag til endringer."
Kva er status på departementet sitt arbeid i denne saka?

Begrunnelse

Den 5. april 2006 sendte eg eit skriftleg spørsmål (spørsmål nr. 694) vedr. dispensasjon frå alderskravet om køyreseddel til justisministeren. I slutten av justisministeren sitt svar står det: "Spørsmål om det fremdeles skal være en øvre grense på 70 år for å drive yrkestransport med passasjerer er nå til utredning i Samferdsledepertementet."
Stortinget handsama den 13.06.06 sak Innst. S. nr. 217 (2005-2006) Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantane Bård Hoksrud og Øyvind Halleraker om dispensasjon fra yrkestransportlova for personer over 70 år.
I "Komiteens merknader" står det m.a.: "Dette flertall er enig med forslagsstillerne i at hensynet til tilrettelegging for seniorene i arbeidslivet er viktig. Dette flertall viser til statsrådens uttalelse om at hun så snart som mulig vil komme tilbake til Stortinget om saken med eventuelle forslag til endringer.
Vedtaket i saka lyder slik:

"Dok.nr.8.68 (2005-2006)- forslag fra stortingsrepresentantene Bård Hoksrud og Øyvind Halleraker om dispensasjon fra yrkestransportlova for personer over 70 år - vedlegges protokollen."

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Eg svarte representanten Bård Hoksrud på eit liknande spørsmål i brev datert 26. mai i år, spørsmål nr. 1267.

Departementet har bede Helse- og omsorgsdepartementet om ein helsefagleg vurdering av om det er noko grunnlag for å heve aldersgrensa for køyresetel, og eventuelt korleis ein best kan godkjenne helsa til kvar enkelt sjåfør. Vurderinga har teke lenger tid enn venta, men eg venter å få svar innan kort tid. Avhengig av tilrådinga frå helsestyresmaktene kan departementets arbeid med eventuelle endringar av regelverket ta til.

Omsynet bak aldersgrensa på køyresetel er basert på ei vurdering av at den generelle risikoen for at ei brå og uventa forverring av helsa til sjåførane aukar med alderen. Kravet til køyresetel er knytt til løyvepliktig transport av passasjerar, altså transport mot vederlag. I den næringsmessige transporten veg omsynet til passasjerane tungt. Dei kan som brukarar av offentleg transport ikkje velje kven som utfører transporten, og det vert forventa at styresmaktene har utvikla system som tek vare på tryggleiken deira. Aldersgrensa for køyresetel er eit slikt system.

Eg har i den siste tida fått fleire brev og telefonar frå sjåførar som har passert aldersgrensa, men som sjølv ser seg i stand til å køyre drosje eller buss. Desse finn den noverande aldersgrensa urimeleg. Eg er samd i at eldre er ein ressurs vi må bruke så lenge det ikkje går ut over andre viktige omsyn samfunnet skal ta vare på. Det er no rundt 30 år sida aldersgrensa for køyresetel sist blei vurdert og fastsett. Eg er ikkje negativ til å heve aldersgrensa for køyresetel dersom helsestyresmaktene meiner at passasjerar i offentlig transport ikkje samtidig vert utsett for auka risiko.

Om det er grunnlag for å endre reglane i yrkestransportlova om køyresetel, håper eg at endringsforslag kan sendast på høyring i løpet av hausten. Stortinget vil bli orientert på eigna måte.