Åge Starheim (FrP): Trafikken på ferjestrekninga Lote-Anda har auka enormt dei siste åra. Altfor mange gonger har bilar måtta stå igjen på begge sider pga. altfor liten ferjekapasitet. Dette betyr at det fortast mogleg må på plass ny og større ferje på denne strekninga, noko som etter det ein er kjend med også må medføre ombygging/utviding av ferjekaiane.
Kva føretek statsråden seg for å snarast syte for at det vert eit tilfredsstillande ferjesamband mellom Lote-Anda, med ferje og ferjekaier som har stor nok kapasitet?
Begrunnelse
Det har i lang tid vore ein sterk auke i biltrafikken på ferjestrekninga Lote-Anda. Dette har medført at mange gonger må bilar stå igjen på begge sider, og må vente til neste tur. Grunnen er at ferja som trafikkerar på denne ferjestrekninga har altfor liten kapasitet. Det er også sterk misnøye med at det enno ikkje er innført halvtimesavgangar på denne strekninga.
Etter det ein er kjent med er det på trappene nye reglar for plassering av bilar om bord i ferjene, der det kan verte krav om lengre/større avstand mellom bilane. Transportselskapa investerar også i større lastebilar, noko som vil medføre færre bilar pr. tur.
Når ein no går mot ei tid med snøføre og glatte vegar, vil ein tru at bil- og varetransport som har gått over Utvikfjellet, no vil nytte Lote-Anda for å unngå køyrevanskar over fjellet. Dette vil også medføre endå større auke i biltrafikken på denne ferjestrekninga.
Når bilar må stå igjen til neste ferjetur så medfører dette misnøye og sinte trafikkantar, noko som urettsvis ofte går utover ferjemannskapet.
Dette er forhold som må ha vore kjende for overordna myndigheit i lang tid, og trafikantane meiner dei har krav på at det snarleg vert gjort endringar, som medfører at det i langt færre tilfeller vert ståande igjen bilar etter at ferja har gått.