May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Det er søkt om investeringsmidlar til nytt museumsbygg ved Dalsfjord Fyrmuseum. Korleis vurderer departementet høve til å gje investeringsmidlar til dette?
Begrunnelse
Fiskeri- og kystdepartementet sende ut ei pressemelding 5. oktober med følgjande bodskap: "I løpet av våren 2008 vil det starte et arbeid for å opprette et etatsmuseum for Kystverket etter en nettverksmodell. I budsjettforslaget blir bevilgningen til kystkultur styrket med 3 millioner kroner til dette formålet [...]"
Fyrmuseet i Dalsfjord, som er ein av fire aktørar i dagens fyrmuseumsnettverk, har ikkje tenleg museumsbygg. Gjennom nettverkssamarbeidet, og med fagleg bistand frå Sunnmøre Museum, har ein fått i gang ei systematisk registrering av samlingane slik at dei kan danne grunnlag for vidare forsking og formidling knytt til denne viktige delen av den nasjonale kystkulturen. Imidlertid risikerer ein at mykje av dette arbeidet vil vere til liten nytte, dersom ikkje samlinga vert sikra forsvarlege oppbevaringstilhøve. Trongen for å investere i eit nygg er såleis svært stort ved Dalsfjord Fyrmuseum.