Skriftlig spørsmål fra Borghild Tenden (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:187 (2007-2008)
Innlevert: 09.11.2007
Sendt: 12.11.2007
Besvart: 19.11.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Borghild Tenden (V)

Spørsmål

Borghild Tenden (V): Regjeringa har på ein god måte følgd opp tidlegare vedtak om framskunding av E39 Kvivsvegen, ved å tilrå oppstart i budsjettforslaget for 2008. Alle lokale vedtak om tilslutnad til delvis bompengefinansiering er for lengst på plass, men det kan sjå ut for at saka har stansa opp i Vegdirektoratet.
Kan statsråden love å legge bompengeprosposisjonen fram for Stortinget i år?

Begrunnelse

I over 130 år har det vore arbeidd med eit betre vegsamband mellom Sunnmøre og Nordfjord. E39 Kvivsvegen vil saman med Eiksundsambandet, som skal opne 23. februar 2008, utløyse ein ny og komplementær bu- og arbeidsmarknadsregion i denne viktige delen av landet. Også av omsyn til brukarane av Eiksundsambandet som skal austover, og kobling mot togtilbod for passasjerar og gods på Otta, er det viktig med god framdrift for prosjektet.
Vidare vil E39 Kvivsvegen oppfylle Stortinget sitt vedtak om nytt ferjefritt samband på E39 Bergen-Ålesund, jamfør innstilling S. nr. 273 (1996-1997). Miljøverndepartementet ved statsråd Guro Fjellanger godkjende fylkesdelplanen for sambandet 20. august 1999. Alle reguleringsplanane for dette låglandsambandet er godkjende og juridisk bindande. I handlingsprogrammet for NTP 2006-2009 er E39 Kvivsvegen sett opp med startløyving av statsmidlar på 20 millionar i 2008.
Ved Stortinget si handsaming av NTP 2006-2015, innstilling S. nr 240 (2003-2004) framgår:

"Flertallet er fornøyd med at Regjeringen tar sikte på å framskynde oppstart av prosjektet Kvivsvegen. Flertallet forutsetter at Kvivsvegen mellom Grodås i Hornindal kommune og Geitvika i Volda kommune får startbevilgninger i slutten av første planperiode."

Stortinget slutta seg då til Vegdirektoratet sitt framlegg om lokalt bidrag på 100 millionar, ved at ein overfører trafikantane sine utlegg til dagens ferjebilett til ein tidsavgrensa "bompengeperiode" i samsvar med dei retningslinjene Stortinget vedtek.
Dette "ferjeavløysingsprosjektet" for stamvegtrafikken er lokalt initiert, og for å spare brukarane for unødige rentekostnader har ti kommunar, to fylkeskommunar, næringsliv og private alt betalt inn over 45 millionar i aksjekapital for å redusere behovet for låneopptak. Sjeldan ser ein ei slik samling bak eit delvis bompengefinansiert prosjekt.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: I handlingsprogrammet for perioden 2006-2009 er det lagt til grunn 100 mill. kr i bompengar og 70 mill. kr i statlege midlar til finansiering av E39 Kvivsvegen. Det er lagt opp til oppstart med førebuande arbeid i 2008 og full drift av anlegget i løpet av 2009. I planleggingsprogrammet for perioden 2010-2015 er det lagt til grunn 630 mill. kr i statlege midlar til fullfinansiering av prosjektet.
Sommaren 2007 innførte Statens vegvesen nye retningslinjer for bygging av tunnelar. Med utgangspunkt i desse nye krava har Statens vegvesen gjort ei ny vurdering av kostnadene på Kvivsvegprosjektet. Det reviderte kostnadsoverslaget er no på 920 mill. kr. Dette er om lag 120 mill. kr meir enn det som er lagt til grunn i handlingsprogrammet/planleggingsprogrammet for perioden 2006-2015. Bompengane er føresett å finansiere om lag 11 pst. av dei totale kostnadane.
I dette kostnadsoverslaget er det ikkje tatt høgde for det aukande prisnivået i anleggsmarknaden som det er vist til i St.prp. nr. 1 (2007-2008) side 39. Statens vegvesen har derfor sett det som naudsynt med ei ekstra kvalitetssikring av kostnadsoverslag og ei vurdering av kontraktsstrategi som grunnlag for ekstern kvalitetssikring (KS2).
Statens vegvesen har lagt opp til at den interne kvalitetssikringa av prosjektet med reviderte kostnadsoverslag skal vere gjennomført før jul, slik at ekstern kvalitetssikring kan gjennomførast vinteren 2008. Med dette opplegget kan ei bompengesak leggast fram for Stortinget i vårsesjonen 2008.