Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:264 (2007-2008)
Innlevert: 21.11.2007
Sendt: 22.11.2007
Besvart: 29.11.2007 av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Den 14.11.06 stilte eg statsråden spørsmål om manglande helgeberedskap ved regionale flyplassar. Svaret frå statsråden var at ho ville leggje vekt på å finne gode og praktiske løysingar som sikrar god regularitet ved flyplassane også i helgane. Etter det ein kjenner til manglar det framleis helgeberedskap ved våre regionale flyplassar, med dei store samfunnsøkonomiske konsekvensane dette kan få for dei reisande.
Meiner statsråden at lovnaden om å finne løysingar som sikrar god regularitet ved flypl. også i helgane er haldne?

Begrunnelse

Den 14. november 2006 stilte eg samferdselsministeren eit skriftleg spørsmål om kva statsråden ville gjere for å unngå helgestenging ved våre regionale flyplassar grunna våt snø på rullebana, og manglande helgeberedskap blant teknikarane som kan løyse "våt-snø"-problema ved desse flyplassane.
Grunngjeving for å stille spørsmålet i 2006 var at ein søndag opplevde at knappe 10 cm nysnø hindra fly i å lande på Førde Lufthamn Bringeland p. g. a. manglande helgeberedskap.
Svaret frå statsråden var at ho ville leggje vekt på at ein skulle finne gode og praktiske løysingar som skulle sikre god regularitet ved flyplassane også i helgane.
I avisa Firda av 16. november 2007 kunne ein lese at søndag 11. november 2007 stoppa snøen all flytrafikk til og frå Bringeland, og 200 reisande vart råka.
Forklaringa til dei reisande som vart råka av denne stenginga var at det ikkje var autorisert personell til å restarte og koste snø av innflygingsinstrumenta ved flyplassen.
Dette betyr at det framleis manglar helgeberedskap blant teknikarane ved våre regionale flyplassar, og det kan sjå ut som at statsråden ikkje har halde sin lovnad som ho gav i sitt svar til meg på mitt spørsmål for eit år sidan.
Flyplassjefen ved Førde Lufthamn Bringeland forklarer til avisa Firda at det er for dyrt for Avinor å ha helgeberedskap ved flyplassen.
I tillegg til at manglande helgeberedskap vil kunne få konsekvensar for sikkerheita for dei reisande, meiner eg at det er respektlaust overfor dei reisande, som har bestilt og betalt for ei teneste som dei ikkje får.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Som hyppig brukar av dei regionale flyrutene på Vestlandet er eg svært klar over kor viktig det er med god regularitet òg i denne delen av luftfarten. Eg står ved at ein skal finne gode og praktiske løysingar som sikrar god regularitet også i helgane, som eg skreiv i mitt svar den 24. november 2006 på spørsmål nr 200 frå representanten Åge Starheim.
Avinor AS har ei viktig samfunnsoppgåve i å halde lufthamnene opne for trafikk. Samstundes har styret og leiinga i selskapet eit ansvar for å finne hensiktsmessige og kostnadseffektive løysingar på den praktiske lufthamndrifta. Eg har også denne gongen henta informasjon frå Avinor til svaret.
Når det gjeld den konkrete problemstillinga med snø på instrumentlandingssystema, opplyser Avinor at beredskapen i dag er den same som for eit år sidan. Det betyr at utanom arbeidstid gjeld ei utrykkingsavtale som inneber at dersom ein får tak i ein ingeniør utanom arbeidstida, skal han møte opp så sant dette er mogeleg for vedkommande. Avinor meiner det i praksis viser seg at ingeniørane som oftast er i stand til å stille på kort varsel, men at det av og til oppstår hendingar der ein ikkje klarer å få dette til. Det skal t.d. ha vore situasjonen søndag 11. november, då alle driftsingeniørane av ulike grunnar var på reise utanfor regionen.
Eg opplyste i mitt svar den 24. november 2006 at Avinor ville vurdere to alternative tiltak. Det første var å vurdere om det var mogeleg å la anna personell utføre avgrensa oppgåver på innflygingsanlegga utanom den ordinære arbeidstida for ingeniørane. Slik bruk av instruert personell ville innebere at lufthamnbetjentar mellom anna børstar snø av antenner, slår instrumentlandingssystemet på igjen og kontrollerer at systemet fungerer. Avinor opplyser at det ligg føre ein foreløpig rapport som konkluderar med at det er påkravd at autoriserte driftsingeniørar foretar kontroll av instrumentlandingssystemet etter stans som følgje av snøfall. Avinor vil difor ikkje gå vidare med dette alternativet.
Det andre alternativet som har vore vurdert, er å gjeninnføre ei beredskapsavtale slik som den som eksisterte før omstillingsprogrammet Take-Off 05. For å halde kontroll med kostnadsutviklinga meiner Avinor at det er svært viktig å analysere alle aktuelle tiltak ut frå samla tryggleiks- og regularitetsmålingar ved dei aktuelle flyplassane. Ein slik analyse blir difor no gjennomført for å sjå på ei eventuell innføring av beredskapsordning, samt omfanget av ei slik ordning. Ein konklusjon på denne analysen er forventa å liggje føre i løpet av året.
Eg meiner difor ut frå dette at Avinor arbeider for å finne gode og praktiske løysingar som skal sikre god regularitet ved flyplassane også i helgene. Eg vil følgje dette vidare opp i dialogen med selskapet.