Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til kultur- og kirkeministeren

Dokument nr. 15:275 (2007-2008)
Innlevert: 22.11.2007
Sendt: 23.11.2007
Besvart: 30.11.2007 av kultur- og kirkeminister Trond Giske

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Adm. dir. i Norsk Tipping har gått av på grunn av manglande innrapportering av frynsegoder. Styreleiaren har uttala at han ikkje tenkte på dette som eit frynsegode. Kultur- og kyrkjeministeren har uttala at han har tillit til styret si handtering av saka.
Kva tid fekk statsråden kjennskap til saka, og har statsråden, i lys av det som er framkome i media, framleis tillit til styret i Norsk Tipping?

Trond Giske (A)

Svar

Trond Giske: Styreleiaren i Norsk Tipping underretta Kultur- og kyrkjedepartementet om saka etter at den vart kjent for styret. Det tilligg styret å handtera tilsetjinga for administrerande direktør i selskapet. Ut frå dei opplysningane eg sit med i dag, har eg tillit til styret.

Eg har bedt styret om ei orientering om heile saka innan jul. Orienteringa vil gi oss bakgrunn til å vurdera om Norsk Tipping har gode nok rutinar til å hindra at slike saker dukkar opp igjen i framtida. Når ei slik orientering føreligg, kan ein vurdera om det trengs fleire tiltak for å ivareta ei god drift av Norsk Tipping.