Skriftlig spørsmål fra May-Helen Molvær Grimstad (KrF) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:274 (2007-2008)
Innlevert: 22.11.2007
Sendt: 23.11.2007
Besvart: 30.11.2007 av barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen

May-Helen Molvær Grimstad (KrF)

Spørsmål

May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Stortinget handsama i førre stortingsperiode ei stortingsmelding om erstatning til barn som hadde vert utsett for overgrep medan dei budde på barneheim eller skuleheim. Staten har fått om lag 1800 søknader om erstatning, men 1670 av barneheimsofra ventar enda på svar. Nokre av desse har venta i 3 år.
Kva vil statsråden gjere for å sikre at handsaminga av disse sakene skjer mykje raskare, og kva meiner statsråden er akseptabel ventetid?

Begrunnelse

Vaksne som har opplevd overgrep på barneheim og skuleheim har venta i mange tiår på erstatning frå staten. Mange av dei vart utsette for omsorgssvikt og overgrep av til dels svært alvorleg karakter medan dei var under statleg omsorg. Dette er godt dokumentert, mellom anna i kartleggingsutvalet sin rapport NOU 2004:23 Barnehjem og spesialskoler under lupen. Oslo kommune gir svar på søknader om erstatning i løpet av om lag eit halvt år. Stortinget har uttalt at ein skulle legge mindre vekt på dokumentasjonskrav og meir på søkarane si eigenerklæring. Då er det vanskeleg å forstå kvifor staten skal bruke meir enn 6 gonger så lang tid i nokre tilfelle. Utvalsleiar professor Edvard Befring har uttalt til Klassekampen nyleg at saka må tilbake til Stortinget. Ein lurer på om retningslinene til Stortinget vert fulgt i desse sakene, sidan handsamingstida er så lang.

Manuela Ramin-Osmundsen (A)

Svar

Manuela Ramin-Osmundsen: Først vil eg seie at det er svært leitt at tidligare barn og unge som har blitt utsett for overgrep medan dei budde på barneheim eller skuleheim, skal måtte vente lenge på å få saka si handsama. Lang sakshandsamingstid er ei ekstra påkjenning for den enkelte. Det er viktig å sikre at handsaminga av desse sakene skjer innan rimeleg tid.
Stortinget si rettferdsvederlagsordning blei i 2005 utvida ved at Stortinget vedtok ei erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordningar for romanifolk/tatarar og eldre utdanningsskadelidne samar og kvenar, og gjennomførte ei tilpassing av ordninga for barn i barneheim og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. Dette førte til ei sterk auke av søknader til rettferdsvederlagsordninga, som igjen førte til auka sakshandsamingstid, både i Justissekretariata, faginstansane og rettferdsvederlagsutvala. Den lange handsamingstida er svært beklageleg, og det har kontinuerleg vorte arbeidd med å få sakshandsamingstida ned i desse sakene.
Saksgangen i Stortinget si rettferdsvederlagsordning er slik at søknader blir sendt til Justissekretariata, som er sekretariat for Stortinget sitt Rettferdsvederlagsutval. Enkelte sakstypar blir berre handsama av Justissekretariata, medan dei fleste sakstypane blir oversendt til ulike faginstansar etter kva for grunnlag søknaden gjeld, og nokon gongar må dei sendast til fleire (dersom vedkommande har vore på for eksempel både barneheim og skuleheim). I barneheimsakene er det Barne- og likestillingsdepartementet sitt direktorat; Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som utgreiar og gir innstilling, i skuleheimsakene er det Utdanningsdirektoratet (Kunnskapsdepartementet). Utgreiinga blir gjort i samsvar med den praksis som Rettferdsvederlagsutvalet har bestemt i denne type saker. Etter utgreiing i faginstansen(e) får Justissekretariata saka tilbake for gjennomgang og ferdigstilling for vedtakshandsaming i Stortinget sitt Rettferdsvederlagsutval. Det er dette utvalet som treff avgjerd i sakene, på grunnlag av dei føringane som er gitt i stortingsmeldingar og innstillingar. Det er oppretta eit Rettferdsvederlagsutval II som handsamar barne- og skuleheimsakene.
I Bufdir er det per no 16 personar som arbeider med desse sakene, mot tidligare 2 personar. Det har vore møter mellom Barne- og likestillingsdepartementet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Utvala og Justissekretariata for å avklare prinsipielle spørsmål mellom anna med omsyn til dokumentasjon og beviskrav. Som ei følgje av dette er beviskrava senka. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet vil ha nådd målet om 1 års handsamingstid innan utgangen av året. I tillegg har mitt departement tilført dei ressursane til Justissekretariata og Rettferdsvederlagsutval II som Justisdepartementet har bedt om, både i 2006 og 2007.
Regjeringa sitt mål for gjennomsnittleg saksgang er på 12/14 månader for saker handsama høvesvis berre i Justissekretariata eller førebudd av faginstansane. Generelt sett er det no slik at sakshandsamingskapasiteten i førebuande instansar har blitt vesentleg styrkt dei seinare åra, samtidig som det har blitt nedlagt eit stort arbeid for å betre og effektivisere sakshandsamingsprosedyrane. Dette arbeidet må halde fram med full styrke.
Den effektiviseringa som har skjedd har igjen medført ein sterk auke i talet på saker til Justissekretariata og dermed til Rettferdsvederlagsutvala for avgjerd. Mellom anna har eg fått opplyst frå Justissekretariata at det no ligg om lag 400 barne- og skuleheimsaker klargjorde for handsaming i Rettferdsvederlagsutval II (dei har hittil handsama 257 slike saker).
Regjeringa har foreslått for Stortinget å auke løyvinga til Justissekretariata med 10,1 mill. kr, der det mellom anna er sett av midlar til oppretting av eit mellombels Rettferdsvederlagsutval III (St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2007-2008).
Justisministeren har vidare i eige brev til Presidentskapet i Stortinget bedt dei om å oppnemne medlemer og personlege varamedlemer til det mellombelse Utval III, og at Presidentskapet vurderer tiltak som kan vere med på å auke kapasiteten i utvala.