Åge Starheim (FrP): Elkem Solar har utbyggingsplanar i Svelgen. Dette vil bety eit stort løft for Svelgen og Bremangerområdet, ein kommune som er råka av sterk nedgang i folketalet. Etableringa er avhengig av god infrastruktur, som ikkje er til stades i dag. Industrisamfunn som Årdal og Høyanger har tidlegare fått fleire titals millionar frå Regjeringa til etableringar.
Kan statsråden kontakte Elkem Solar for å avklare viljen til etablering i Svelgen dersom Regjeringa syter for nødvendig utbygging av infrastrukturen i dette området?
Begrunnelse
Bremanger kommune i Sogn og Fjordane har i ei tid arbeid hardt for å få Elkem Solar til å etablere ein solcellefabrikk i Svelgen. Dette vil kunne skape rundt 200 nye arbeidsplassar i eit samfunn som i over tid har mista fleire hundre arbeidsplassar.
For at Elkem Solar skal etablere seg i Svelgen, har verksemda stilt krav om nødvendig opprusting av infrastrukturen i Bremangerområdet, ikkje minst på opprusting av vegnettet.
Infrastrukturbygging i dette området er viktig av to grunnar, råvarer/ferdigvarer inn og ut av området og at ein får utvida bu- og arbeidsområde.
Opprusting av vegnettet i Bremangerområdet har ikkje den nødvendige framdrift i følgje Nasjonal Transportplan. Skal ein vente på ordinære vegløyvingar er det nokså sikkert at den aktuelle etableringa vert føreteke andre stadar i landet.
Det er forståeleg at verksemda ikkje vil satse så mykje pengar som det må til for å etablere solsellefabrikken i Svelgen, utan at dei er sikre for at infrastrukturen vert nødvendig og tidsnok opprusta i Bremangerområdet. Ei slik opprusting vil også medføre at bu- og arbeidsområde vert utvida, slik at verksemda er sikra tilgang på nødvendig arbeidskraft.
Tidlegare har Regjeringa løyvt fleire titals millionar til industriprosjekta i Årdal og Høyanger.
Dersom Regjeringa er villeg til av næringsgrunnar å delta på infrastrukturoppbygging i Bremangerområdet på same måten som det vart gjort i Årdal og Høyanger, kan det vere mogleg å få tilført dette området sårt trengte arbeidsplassar.
Det er difor viktig at næringsministeren, saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune og Bremanger kommune, snarast kan ta initiativ overfor Elkem Solar for å få avklare kva verksemda treng av statleg lovnadar når det gjeld infrastrukturutbygging for at verksemda skal etablere ein solcellefabrikk i Svelgen.